i
Foto: Brynjar Stautland
Opplæring og tilbod
I geoparkens besøkssentra får folk i alle aldrar formidla kunnskap og funfacts om vår berggrunn, landskapsdanninga og korleis me har nytta geologi og landskap i kulturen her gjennom 11000 år. I besøkssentra og hos våre partnerar finn du også vårt geotur-kart som stadfestar og forklarer dei 60 lokalitetane i Sunnhordland UNESCO Global Geopark.
Les hovuddokumentet til UNESCO-søknaden her.
Foto: Moster Amfi
Moster Amfi
Moster Amfi er bygd i ei nedlagt marmorgruve, og er vårt hovudbesøkssenter. Her finner du infotavler med tidslinje for vår geoarv. I berget går ein tilrettelagt tunnel der bergverkshistoria er presentert, du kan studere Noregs eldste steinkyrkje og sjå den magiske utstillinga frå Heidendom til Kristendom. Den er basert på dei historiske hendingane som fann stad akkurat her under fjellet Siggjo for 1000 år sidan.
På bestilling kan grupper av barn få slipe bitar av marmor på tilrettelagte slipeskiver nede i Mostratunet. Her blir kalkovnen av og til fyrt opp for å lage tradisjonskalk av lokal marmor til restaurering av gamle kyrkjebygg i regionen.
Folgefonnsenteret
Folgefonnsenteret har fleire moderne utstillingar om klima, vatnets kretslaup og kulturen langs fjorden. Utstillingane er i stor grad interaktive.
Senteret er heilårsope.
Foto: Folgefonnsenteret
Foto: Sunnhordland Museum
Sunnhordland Museum
Museeet formidlar byggeskikken i regionen gjennom 1000 år, samt dei fleste andre aspekt i vår matrielle og immatrielle kultur. Museet har program for formidling av ulike tema til ulike aldersgrupper, t.d. “Segner i Sunnhordland”, “Steinalderen”, “Gruvearbeidaren” og “Bronseseverdet”. I “Eg byggjer meg ein båt” lærer 5. klassingar namna og prinsippa i og for færingen, den tradisjonelle robåten med røter tilbake til før vikingetid. Formidlinga skjer ved at elevane får setje saman ein modell av båten, og deretter spikke og klinke saman ein nøkkelhaldar. Dette programmet har vore invitert til fleire land, m.a. Frankrike, England og USA.
Gaida turar
I kisgruvene på Litlabø er det er tre gaida turar pr dag om sommeren.
Billettar kan bestillast på Venelaget for gruo si nettside.
Resten av året guiding i kisgruvene etter avtale.
Foto: Brynjar Stautland
Foto: Bømlo Teater
Bømlo Teater
Opplevingar
Bømlo Teater er ein frivillig organisasjon med målsetjing om å arbeida for å styrkja Bømlo som eit senter for scenekunst ut frå kompetanse, kvalitet, breidd og engasjement.
Gjennom god samhandling og sunn økonomistyring skal Bømlo Teater skape ein berekraftig, open og inkluderande organisasjon. Laget er medlem av Norges Amatørteaterforbund.