in

. Fotograf: Ranveig Marie Photography.  Bondhusvatnet.

FNs berekraftsmål I Geopark Sunnhordland

«FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. FNs berekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.

Måla blei laga på ein demokratisk måte gjennom innspel frå land over heile verda, og nesten ti millionar menneske fekk sagt si meining gjennom ei spørjeundersøking.

Forut for berekraftsmåla førte tusenårsmåla (2000-2015) til stor framgang på område som utdanning og helse, men har og blitt kritisert for kun å adressere symptoma på fattigdom. Berekraftsmåla skal gjere noko med årsakene til fattigdom, ulikskap og klimaendringar.

Eit av hovedprinsippa i berekraftsmåla er at ingen skal bli utelatne. Dei mest sårbare menneska må derfor bli prioriterert. Eksempel på ekskluderte grupper er menneske med nedsett funksjonsevne, flyktningar, etniske og religiøse minoritetar, jenter og urfolk

Under ser du dei prioriterte måla til Geopark Sunnhordland.
For å sjå den fullstendige lista, gå inn på:

fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal

 

Maal 4 - God utdanning

God utdanning

Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle.

Rein energi til alle

Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkomeleg pris

Industri, innovasjon og infrastruktur

Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon

Ansvarleg forbruk og produksjon

Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Stoppe klimaendringane

Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei (Basert på ei erkjenning av at FNs rammekonvensjon om klimaendring er det viktigaste internasjonale og mellomstatlege forumet for forhandlingar om globale tiltak mot klimaendringar.)

Livet i havet

Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

Samarbeid for å nå måla

Styrkje verkemidla som trengst for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling