GEOSITES
The Geology
Front Page
Eat & Stay
About us
IS
På sørsida av Hardangerfjorden bur sunnhordlendingen på eit fragment av det urgamle Baltika-kontinentet, over 1 milliard år eldre enn den tørrlagte havbotnen på nordsida av Hardangerfjorden.
I det litt mjukare «arret» mellom Iapetus-havbotn og Baltika-grunnfjell har så 30-40 istider, med sine enorme brear i stødig og ustoppeleg sig ut mot havet dei siste 2,5 millionar år, grove ut ein av verdas lengste, djupaste og vakraste fjordar.
Istidslandskapet er særs godt fortald sør for Hardangerfjorden med sine grøderike morenar, U-dalar, jettegryter og ikkje minst med isbreen Folgefonna.
Spora av istidene finn me sjølvsagt på nordsida av fjorden óg, til dømes er spylerenner og skuringsstriper etter breane i berg og knausar velkjende fenomen.
Flyttblokkene i landskapet vårt er langvegsfarande forteljarsteinar. Hos dei finn geologane svar på både opprinnelse og når dei dukka ut i sola igjen etter si lange reise breens fot på veg mot havet.