i

. Fotograf: Ranveig Marie Photography.  Bondhusvatnet.

Ferdselsreglar

(Code of conduct)

Me ber alle som vil oppleve geoarven vår om å ferdast sporlaust og slik hjelpe til med å ta vare på den for komande generasjonar. 

  • Førebu deg. Véret skiftar fort. Ta med deg mat, samt klede og sko for røft vér.
  • Ta med deg søpla heim. Set berre att eigne fotefar.
  • Hald deg til stien, både for eigen tryggleik og vern av sårbar natur.
  • Lat stein, fossilar og planter bli der dei er. Ta berre bilete.
  • Respekter andre. Hjelp oss som bur her ved å late att grindar. Unngå å blokkere vegen, og ta omsyn til buskap.
  • Minimer brannfare. Ukontrollert eld kan øydelegge store område/habitat som tek lang tid å reparere. Ikkje kast sneipar eller flasker som kan forårsake eld.

Den lovfesta Allemannsretten gjev oss alle tillating til å ferdast fritt i norsk utmark så lenge det skjer på omsynsfull måte. På innmark er reglane slik at du kan gå tur på vegar og stiar så lenge du held god avstand til hus, hytter, hagar og gardstun. Du kan også gå over frosen eller snødekt åker og eng i perioden 15. oktober til 29. april. Det er forbod mot bål i perioden 15. april – 15. november. Det er generell bandtvang frå 01. april til 20. august, men du skal ha kontroll på hunden utanom bandtvangperioden. Ha respekt for beitedyr, og lukk grindar etter deg.

Du har lov til å telte i utmark utan grunneigars samtykke  så lenge du ikkje uroar grunneigars fred. Teltet og hengekøya må plasserast minst 150 meter frå busetnad og kan maksimalt stå oppe i to døger, med mindre du får grunneigars samtykke til å bli lenger. Slår du opp telt på høgfjellet eller fjernt frå busetnad gjeld ikkje tidsbegrensinga på to dagar.

https://norskfriluftsliv.no/hva-er-allemannsretten/