i

Fotograf: Ranveig Marie Photography. Bondhusvatnet.

GEOPARK SUNNHORDLAND

Øyriket, fjorden og fjella i Sunnhordland byr på ein svært rik og variert geologi som har prega både regionen og Vestlandet i oppsiktsvekkande grad. Geologien vår har sogar sett sitt preg på København og St. Croix i Karibien.

Geopark Sunnhordland fekk status som Norsk Geopark i 2018 og UNESCO Global Geopark i mai 2023. Geopark Sunnhordland med UNESCO-status er ein solid og positiv regionsmarkør, skal bli eit redskap for reiselivet og gje oppveksande slekter innsikt i korleis landskap har oppstått og korleis berggrunnen har prega kulturen vår. Gjennom kunnskap aukar respekten for naturen me lever i og av.

Styre og organisering

 Geopark Sunnhordland er eit aksjeselskap 100% eigd av Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Styret er samansett slik:

 

Vegard Bjørnevik, leiar og ordførar i Kvinnherad

Birgit Sønstabø Esperø, nestleiar og repr. for Vestland Fylkeskommune

Liv Kari Eskeland, stortingspolitikar

John Inge Svendsen, geolog (emeritus)

Una Kolle, dgl. leiar i Folgefonnsenteret

Hilde Eide Helland, leiar i Visit Sunnhordland

Leif Tore Trædal, forskar ved Høgskulen på Vestlandet

Tilsette

Brynjar Stautland

Dagleg leiar

 

E-post
brynjar@geoparksunnhordland.no

 

Telefon
+47 959 25 054

Bakgrunn

Sunnhordlands geologi har lenge interessert mange, heilt frå steinalder til oljealder, og lista over geologisk litteratur og hovudoppgåver frå dette området er oppsiktsvekkande lang.

Øyarkipelet og geologien i havkanten har prega kulturen vår i 11 000 år, anten det gjeld redskap, kommunikasjon, mat, tradisjon og næringsliv. Grønstein og ryolitt frå Bømlo var nytta av steinalderfolket gjennom ufattelege 6000 år, Bergens middelalderkyrkjer er bygd av kleber herifrå, det meste av middelalderens baksteheller langs kysten og i Vesterhavsøyane er av klorittskifer frå Ølve, marmoren vår pregar kongens København og den dansk-norske øya St.Croix i Karibien, kisen la grunnlaget for storindustri, og Norge største gullgruve bygde draumar og industri på Lykling. Og «Bergen by er bygd av bømlostein», skriv Øystein J. Jansen og Tom Heldal i boka Steinbyen Bergen. I moderne tid; bygginga og utslep av fleire av dei største oljeriggane var gjort mogleg av fjorddjupnene her, dvs landskapet, m.a. til Utsirahøyden der internasjonale studier av erosjonssprekkene i bømlogranitten bidrog til oljefunnet.

Moster Amfi er valgt som hovudportal og kontor. MA er ein kulturarena med alle fasilitetar, er bygd i ei marmorgruve, har allerede ei bergverksutstilling og er nabo til det største kulturikonet i svært stor omkrets; Moster gamle kyrkje. Sunnhordland Museum med sine utstillingar og kunnskap er óg bemanna innfallsport til geoparken, og våren 2020 vart endeleg Folgefonnsenteret i Rosendal med som geopark-portal.  Med desse tre solide institusjonane på laget er allerede Geopark Sunnhordland usedvanleg godt kvalifisert m.o.t. fasilitetar som presenterer vår geo-arv av internasjonal klasse!

Med base i Moster Amfi og dei to andre portalane skal geoparken formidle geologi- og landskapshistoria vår til skuleverk og reiselivsnæring. Den skal bidra til å styrke kunnskap og identitet for fastbuande, og bidra til auka omsetjing for reiselivsnæringa. Informasjon skal skje på utvalde geostader i terrenget, via nettsider, trykt matriell, kursing av guidar, pedagogar og reiselivsaktørar samt i møtepunkt rundt om i Shld med portalane som knutepunkt. 

UNESCO-statusen skal gje Sunnhordland internasjonal kredibilitet som berekraftig reisemål.

Moster Amfi er hovudportalen til Geopark Sunnhordland. Her finn du både opplevingar og folk som gjev deg informasjon om geoparkens geologi og kulturhistorie. Velkomen til oss!

UNESCO Geopark Sunnhordland Diploma

Sunnhordland Geopark mottok UNESCOs GLOBAL Geopark-godkjennelse i 2023.