HABITAT - Foto: Brynjar Stautland
i

Fotograf: Brynjar Stautland

Habitat

Sunnhordland har ein rik variasjon av landskap, frå værharde øyar og skjer mot storhavet, til djupe skogar, lange fjordar, bratte fjell og fossefall og brear i alpine fjell. Golfstraumen gjev oss eit mildt og vått klima med gjennomsnittstemperatur i januar-februar på 5 grader og 18 grader i juli.  Klima og landskap gjer Sunnhordland til ein oase av sjeldne naturtypar og plantearter, spesielt knytt til den boreonemorale regnskogen.  Fleire av desse artene er raudlista.

Lynghei - Foto: Brynjar Stautland

Foto: Brynjar Stautland

Kystlyngheia

har prega kysten frå Portugal til Lofoten heilt sidan menneske med kunnskap om landbruk og husdyrhald innvandra her for 4000 år sidan.  Skogen vart svidd ned for å skaffe vinterbeite for sau. Dei vanlege lyng-artene er røsslyng, purpurlyng og klokkelyng. Enn så lenge er lynghei eit karakteristisk landskapstrekk i Sunnhordland, men stadig mindre beitedyr vil gjera at lyngheia etterkvart gror igjen. Særleg er sitkagran blitt eit stort problem mange stader i lyngheiane i Sunnhordland.

Skogen

på Vestlandet er prega av kystfuruskog. Det milde klimaet gjev gode føresetnader for spesialtilpassa oseaniske mosar og lav, med svært begrensa utbreiing på verdsbasis. Slike artar finn ein oftast i nordvendte skåningar og blir då kalla kalla boreonemoral regnskog der boreonemoral kjem frå vegetasjonssona Sunnhordland ligg i. Dei mest sjeldne lav-artene finnest særleg på lauvtre av rogn og hassel som er blanda inn i regnskogen (Prikklav, rurlav, rødflekklav og pærelav)

Furuskog - Foto: Jan Rabben

Foto: Jan Rabben

Foto: Hovaneset, Per Fadnes

Beiteland

Sørvestlandet er rikt på gamalt beiteland som har vore nytta gjennom tusenåra, beita av tamdyr og lite gjødsla utanom det dyra legg igjen.  Hovaneset i Stord kommune er ein slik lokalitet som i tillegg har gravrøyser frå bronsealderen.  Gravrøysene (kystrøys) vart plasserte på øyar og nes ut mot farleia slik at forbipasserande skulle sjå at landet var «oppteke».  Lokalitetar som Hovaneset med lang brukstid (kontinuitet) har særeigne beitemark-soppar som ein berre finn i slike miljø. Hovaneset er den rikaste lokaliteten i Noreg når det gjeld slike arter. Omlag 90 ulike arter av beitemark-soppar er funne her, av desse er 40 raudlista (Artsdatabanken 2015). Men dette er berre ein av fleire slike  lokalitetar i Sunnhordland. I 2019 vart det funne ein ny art for Noreg på denne lokaliteten, og sjansen for å finne fleire slike her er til stades.

Nærnaturen i Sunnhordland

Me vonar at dette vesle heftet vil inspirera
deg til å gå ut på oppdagarferd, bli kjend med plantar, dyr og fuglar og nyta den unike naturen Sunnhordland har å by på. Kanskje får du lyst til å læra meir? Kanskje kan heftet få vere med familien på artsskattejakt og eller turar i dei ulike naturtypane våre? 

Klikk her for å sjå det digitale heftet!

Furuskog - Foto: Jan Rabben

Sunnhordland har 70 verna naturområde. Me har valgt ut eit utval av desse som døme på habitat.

Øy

Fluøyane fuglereservat, Tysnes

Reservatet er ei øygruppe i Bjørnefjorden nord for sjølve Tysnesøy og har vore prioritert i samband med ringmerking av sjøfugl i ei årrekke. Er eit av dei aller viktigaste og mest allsidige sjøfuglreservata i Vestland, og har vore naturreservat sidan 1987.

Viktige fuglegrupper er svartbak, gråmåse, fiskemåse, sildemåse, terner og grågås.
Fluøyane er mellom dei aller beste lokalitetane i fylket med omsyn til artsrikdom og individtal. Store koloniar av samtlege 4 ordinært hekkande måseartar, dessutan ein ternekoloni (32 par i 1981) og mange meir uvanlege artar i skjergarden.

Kjelde: www.naturbase.no

Myr

Salamander-parken,
Sveio

Midt i Sveio sentrum ligg eit reservat for den freda storsalamanderen. For 3000 – 4000 år sidan var salamanderen utbreidd over store deler av Vestlandet. I dag er den svært sjeldan både her i landet og i resten av Europa. Ein årsak er at salamander og fisk ikkje kan sameksistere. Dammane i salamanderparken er fisketomme og har ikkje gytestader for fisk.

Salamander-«parken» er ikkje ryddig slik parkar elles ofte er. Slik skal og må det vera. Salamanderen brukar nemlig mykje av tida si på land. Dels går den på land om kvelden og natta for å finne mat, men store deler av året ligg dyra i dvale under ei trerot eller i ei steinrøys. Ser du ein salamander på land skal du la han vera. Sjølv om dei er giftige er dei sårbare på land. Lettaste måten å få sjå ein salamander på er å gå roleg fram mot ein dam og sjå ned mot botnen. Salamanderen er lett å uroa, og då er han rask til å gøyme seg i mudderet eller under ei grein.

Kjelde: Visit Norways nettside.

Salamander-parken - Foto: Ida Vollum

Foto: Ida Vollum, VN

Fjell

Folgefonna nasjonalpark,
Kvinnherad

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet, og utgjer kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar, alpine fjell, skogar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn. Totalarealet er 545 km2, der sjølve breen dekker 207 km2.

Mellom Folgefonna og fjordane finn vi mange ulike økosystem, kvart av dei med sitt dyreliv. Den isdekte vidda på breen, skuggefulle dalføre og lune vikar ved fjorden stiller ulike krav til skapningane som held til der. Når du vandrar frå habitat til habitat, vil du sjå variasjonane i faunaen. Hjorten er talrik i skogane og dalane på Folgefonnhalvøya. Av råvdyr finnest mår, røyskatt, rev og sporadisk gaupe. På 17- og 1800-talet var her mye både av bjørn og ulv, og over 30 bjørneskallar skal på 1800-talet ha vore samla i Gjerdetunet i Mauranger. Av større fugl finnest både rype, orre og tiur, samt kongeørn og ugler, hauk og våk. Harebestanden varierer her som andre stader i landet. Kvinnherad er den kommunen i landet med høgast tal på fellingsløyver for hjort.

Vegetasjonen i og rundt Folgefonna nasjonalpark varierer frå stad til stad. Her er mange ulike mikroklima – sjølv over korte avstandar kan temperatur, nedbør og vind variera sterkt. Dei fjellrike delane av halvøya, der grunnfjellet for det meste er surt, er dominerte av nokre få hardføre artar: musøyre, røsslyng, rabbesiv og fjellbjørk. Nær kanten av breen veks snøull, moselyng og jøkelstorr, plantar som er godt eigna til å tola mykje snø og ekstreme temperaturar. Folgefonnsenteret i Rosendal er nasjonalparkens besøkssenter.

Kjelde: Folgefonna nasjonalparks nettside.

Skog

SKOGAFJELLET, TJONGSPOLLEN OG SAGVATNET NATURRESERVAT, BØMLO

Desse tre naturreservata grensar til kvarandre og ligg i søraustlege del av Bømlo kommune heilt sørvest i Vestland. Verneområdet er sterkt prega av havet, og ligg i boreonemoral vegetasjonssone som er særleg kjenneteikna av barskog med innslag av rik edellauvskog.  Børøyklampen utgjer det høgaste punktet på 179 moh. Heile området utgjer ein mosaikk av skog, lynghei og myr. I lågare delar av terrenget finn ein gjerne mindre tjern og vatn. Landskapet er småskala og varierer sterkt over korte avstandar. Berggrunnen er samansett, men inneheld stadvis bergartar som gjev grunnlag for ein rik flora med fleire kravfulle vegetasjonstypar. Grønskifer og grønstein dominerer, men det finst også fattigare bergartar som kvartsporfyr. Det er først og fremst den rike floraen som er grunnlaget for vernet av Sagvatnet. Fleire furuskogsamfunn er registrert i Sagvatnet naturreservat. Blåbærfuruskogen finn ein i godt drenerte skråningar i lågare delar av terrenget. Forutan blåbær, er tyttebær viktig saman med smyle, skrubbær, linnea, stormarimjelle og einstape, i tillegg til mosane etasjehusmose, furumose og fjørmose. Fleire stader finn ein artar som er typiske for rik furuskog i distriktet. Dette er artar som gjev skogen lågurtkarakter, som hjertegras, kusymre, sanikkel og skogfiol. I tresjiktet finn ein kristtorn og eik fleire stader saman med furu, men også hassel og lind. Lågurtfuruskog der gras og urter dominerer er mellom anna registrert i dei bratte sør‐ og sørvest‐vendte liene ved Hovda sørvest i reservatet. Karakteristiske artar er skoggrønaks, fingerstorr, markjordbær, myske, storfrytle, skogsalat og teiebær. I nordskråingar er botnsjiktet ofte dominert av torvmosar, og kysttypen av røsslyng‐blokkebærskog er vanleg. Denne typen står i kontrast til dei torre sørberga kor skogen ofte er meir lysopen. Her dekkjer heigråmose store matter utover elles så nakne rabbar og knausar. På lune stader dannar purpurlyng samfunn med mjølbær, røsslyng og tyttebær. Særleg i høgareliggjande delar av reservatet finn vi purpurlyng (NT) blant open furuskog. Tørre krattsamfunn med vivendel og osp er typiske i kanten av furuskogen. Ei spesiell furuskogutforming er registrert i Askedalen. Den har eit feltsjikt med karakter av lågurtskog eller av rik fukteng, og førekjem på flat mark innafor eit nokså lite areal. Arter ein finn her er mellom anna hjartegras, stjernestorr, blåstorr, engstorr, slåttestorr, kornstorr, loppestorr, myrmjølke, mjødurt, blåtopp og myrfiol. Denne skogsutforminga er eit resultat av kulturpåverknad i form av moderat beite og slått.

Foto: Tjongsmarka, Brynjar Stautland

Spreidd tresetjing med furu finst fleire stader på torvjord der særleg klokkelyng, blåtopp og pors er dominantar. Stadvis er også breiull viktig. Myrvegetasjonen i området er særs variert og inneheld ei rekkje samfunn langs gradienten fattig‐rik og tue‐lausbotn. Rikmyra rundt den litle tjørna er særleg interessant. Her veks store mengder med brunskjene (NT) som dannar samfunn med musestorr, småsivaks, nøkkesiv, myrklegg, kvitmyrak, brunmyrak, dvergjamne og myrsaulauk. I nordaustenden ved kanten av Grutlevatnet er det registrert sumpvegetasjon på evja botn med krypsiv, botnegras og tjønngras i tillegg til nokre av rikmyrartane som er nemnt ovanfor. Artsmangfald knytt til fugl er i størst grad knytt til sjølve barskogen, noko som noko også gjer at sjølve artstalet ikkje vert særleg stor. Dette er nok også årsaka til at verneområdet ikkje har vore hyppig besøkt av ornitologar, og at det derfor generelt føreligg få registreringar. Det er likevel store naturkvalitetar i verneområdet, og for fugl er det særleg storleiken og variasjonen i barskogen som gjer området til ein viktig naturprega fuglebiotop. Skogen er variert og det er god tilgang til død ved. Det er optimalt for hakkespettar som finn mykje av føda som insektslarvar i døde tre og som elles treng innslag av lauvtre (gjerne ospetre) til å hakke ut reirhol. Kvitryggspetten er ein av desse. Kvitryggspett, dvergspett, gråspett og grønspett er registrert som hekkefuglar i reservatet. Havørna har kome godt tilbake etter fredinga i 1968 og at den nærast var heilt utrydda i Hordaland. Første hekkefunn i fylket vart gjort heilt nord i Bømlo i 1986, og kort tid etter dette etablerte den seg i Tjongspollenområdet og hatt fast tilhald her sidan då. Hønsehauken er også godt etablert og utgjer toppredator i skogsmiljøet. Vandrefalken har fast tilhald i denne delen av kommunen. Andre rovfuglar er mest observert i trekktidene det er artar som jaktfalk, dvergfalk og tårnfalk. Funn av sporteikn under feltarbeid 2013 tyder på at hubroen også kan vere ein hekkefugl.  Av hønsefuglane er orrfuglen mest talrik, sjølv om det er sannsynleg at bestanden var høgare då landskapet var endå opnare og lyngplantene vart haldne meir i hevd. Storfugl vert ein sjeldan gong observert , men det er ingen stor bestand.

Sporvefuglar knytt til barskogmiljøa er vanlege å sjå. Toppmeis, svartmeis, granmeis, lauvmeis, trekrypar, heipiplerke og trepiplerke har fast tilhald. Elles er også dei vanlege trasteartane her. Taksvale er også registert, og det er mogleg den hekkar innafor reservatet. Det er barskogen som er den dominerande biotopen i området, og ingen av tjerna har eit særleg rikt våtmarkspreg som vi ofte finn i kulturmarksprega område. Av våtmarksfuglar er det derfor relativ vanlege andefuglar som toppand, stokkand, kvinand og siland som vert observert. Strandsnipa er ein vanleg art knytt til Sagvatnet og Tjongspollen.  Av pattedyra er hjorten den vanlegaste å sjå i området. Bestanden har generelt hatt ei stor auke i Bømlo sidan 1950-talet, årleg vert om lag 150 dyr felt i kommunen. Kor mange artar vi har av insektetarar er lite undersøkt, men det er naturleg å tru at vanleg spissmus og dvergspissmus har fast tilhald i reservatet. Piggsvin er elles relativ vanleg på Bømlo, men er ikkje registrert i reservatet ettersom den helst er knytt til hagar og lauvskog nær busetnad. Elles er gnagarar som ekorn vanleg, og lita skogmus, markmus og klatremus er også sannsynlegvis etablert. Av flaggermus er mellom anna vassflaggermus registrert jaktande over vassflata ved Sembastova. Nordflaggermus, og kanskje også skjeggflaggermus og dvergflaggermus, er etablert. Mink er det vanlegaste rovpattedyret. Røyskatten er etablert, men må seiast å vere særs fåtaleg. Oter har auka monaleg sidan 2010, men er framleis truga. Torskeruser utgjer den største trugsmålet, og fleire er funnen drukna i torskeruser i Bømlo. Det er sannsynleg at også Sagvatnet naturreservat, med mange tjern og bekkedrag utgjer ein viktig kvaliteten for oteren. Hoggorm og stålorm er relativ vanleg i verneområdet. Firfisla er nok også ein vanleg art sjølv ein oftast gjerne berre ser den ein sjeldan gong, og då på varme sommarsdagar. Av amfibium er det berre padde som er registrert på Bømlo. Det er aure i dei fleste vatna i verneområdet, men det er nokre få småtjern som ikkje har bekk kor fisk kan vandre opp frå nabovassdrag. Trepigga stingsild er også registrert, m.a. Askedalstjørna og Sagvatnet. I Grutlevatnet er det også røye. Ål er lista som kritisk trua på grunn av kraftig bestandsnedgang. Den er sannsynlegvis etablert i fleire vatn i reservatet.

Bømlo og Sagvatnet si geografiske lokaliseringa gjev milde vintrar og elles varmt klima, det er ein fordel for både planteartar og insekt som er varmekjære. Augestikkarane er også kresne slik, og gjerne avhengige av varm og lun stad, reint vatn og variert naturleg kantvegetasjon. Eksempelsvis vart første funn av augestikkaren lita blå libelle funnen ved Andal ikkje så langt frå Sagvatnet i 2010. August 2012 vart ein rik førekomst av arten også registrert ved utløpet av Askedalsvatnet i Sagvatnet naturreservat. Elles er kongeaugestikkar, kongeaugestikkar, lita torvlibelle, svart haustlibelle, brun augestikkar og vanleg augestikkar registrert i verneområdet, men det der sannsynleg at fleire artar har fast tilhald. Under feltbefaring sommaren 2007 vart det funne geleliknande «klumpar» liggande på botnen i bekken,  Ophrydium versatile. Det er nokre få cm store klumpar av eincella organismar som per definisjon verken er dyr eller plante. Kvar celle klumpar seg saman og festar seg til kvarandre med eit slags sekret. Dei lever i symbiose med den mikroskopiske alga Chlorella som lever inne i Ophrydium‐cellene og dermed gjev den grøne fargen. Desse krev også på lik line med augestikkarane reint klart vatn, og er såleis ein god indikator på at tilstanden i vassdraget i skogreservatet er god.

Kjelde: Forvaltingsplan for Sagvatnet naturreservat

Sjø

Trollsøya, Austevoll

freda område for hummar

I Sunnhordland er det berre Austevoll p.t. som har teke Miljødirektoratet si oppfordring om heilårsfredning av hummar i dedikerte område på alvor. Mens det i 2019 var 1,8 gongar så mange hummarar i fredningsområdet samanlikna med referanseområdet, har dette forholdet auka til 3,1 gongar fleire hummarar ved Trollsøy i 2021.

Vel tre veker inn i hummarsesongen skjer det ei stor endring i dette forholdet, og Trollsøy har då mellom 6,4 og 8,2 gongar fleire hummarar enn referanseområdet. Dette viser tydeleg effekten av det omfattande hummarfisket, der bestanden i referanseområdet vert redusert med mellom 47 og 80 % etter tre vekler med fiske. Dette er ein betydeleg reduksjon på så kort tid og viser at intensiteten i fritidsfisket etter hummar er svært høg.

Etter oppfordring frå geoparken har Samarbeidsrådet for Sunnhordland oppfordra alle kommunane til å vurdere liknaden tiltak i sin kommune.

Kjelde; Marsteinen