i

Foto: Bjarne Oymyr

Kajakk Lokalitetar

 I Sunnhordland er du alltid nær ein stad der stein, landskap og utstillingar byr på både utsikt og innsikt. Du er invitert til å oppdage Sunnhordlands sjel gjennom vår natur og kultur via kajakk.

 

Men trø varsamt, far sporlaust, handle lokalt og ver førebudd på vårt ville vestlandsvær.

Løypekoder

Grøn – lett tilkomst   Blå – utaskjærs, mulig sjø   Raud – lang tur for vidarekomne

Hummarparken - Foto: Arild Barane

Ryvarden

lokalitet 1 -lang tur for vidarekomne

Den 2 km lange stien til Ryvarden Kulturfyr går gjennom nokre av dei dei eldste bergartene i geoparken, 1,5 mrd år gml isskurt auge-gneis. Frå fyret har du utsikt over Hardangerfjordens møte med Nordsjøen, og over til den unge havbunnsvulkanismen på nordsida av fjorden. Synleg frå sjøen men svært værhardt og ikkje tilrådeleg med kajakk

Espevær - Foto: Lars-Christian Dahl

Espevær

lokalitet 3 – lang tur for vidarekomne

Eit pittoresk fiskevær med ca 50 fastbuande lengst ut mot Nordsjøen. Senter for sildefisket på 1800-talet. Smale vegar mellom velhaldne tradisjonelle hus, ein butikk, restaurant, hummarhytter, Baadehuset museum og den største hummarparken i Noreg, tildelt Europa Nostra Diploma. Fint for kajakk innaskjærs, men værhard tilkomst. Rutebåt mellom Eidesvik og Espevær.

Kort avstand til Hespriholmen.

Sokkamyro - Foto: Universitet i Bergen

Sokkamyro

lokalitet 4- lang tur for vidarekomne

Steinalderens verkstadbuplass for tilvirking av grønsteinsøksene frå Hespriholmen. Ligg innerst i Langevåg, like ved gjestehamna og Bygdatunet med kafe og butikk. Langevåg er smult farvatn for kajakk, men Bømlafjorden like utanfor kan vera svært krevjande. Sokkamyro er freda. Arkeolog Håkon Schetelig starta utgravingane her i 1900, og byrja med det den norske steinalderarkeologien.

Sætrehillaren - Foto: Brynjar Stautland

Sætrehillaren

lokalitet 5-lang tur for vidarekomne

Ein hillar der fleire artefakter er funne, m.a. ein beinkam frå 600 e.Kr. med inskripsjon som truleg er eit kjærleiksdikt. Eit døme på korleis hillarar vart nytta som jaktstasjonar gjennom steinalderen. Ligg idyllisk til i den lune Sætravika. Ca 30 min. gange på sti frå Vika, eller tilkomst med båt eller kajakk frå vestsida av Bømlo. NB! Farvatnet utanfor Sætrevika kan vera svært verhard.

Hespriholmen - Foto: Brynjar Stautland

Hespriholmen

lokalitet 6-lang tur for vidarekomne

Kjelda for grønsteinsøksene på Sør-Vestlandet gjennom 6000 år. Ei av dei eldste intakte gruvene i verda. Øya er freda, men gå gjerne i land frå austsida om vér og bølge tillet. Nordøyane og Holsøyane er fine farvatn for kajakk, men ligg eksponert til mot havet og krev solid kajakk- og båterfaring.

Tilkomst med eigen båt, evt. kontakt geoparken.

Holsøyane - Foto: Tom Heldal

Holsøyane

lokalitet 10-lang tur for vidarekomne

Øygruppe med fint presentert lava og pyroklastiske straumar, 474-466 Ma. Laminerte lag av tuff av andesittisk type, og tjukke lag av pyroklastisk brekjse med fragment av falda tuffitt. Holsøyane er fint farvatn for kajakk, men ligg eksponert til mot havet og krev solid kajakk -og båterfaring.

Lyklingeholmen - Foto: Brynjar Stautland

Søre Lyklingholmen

lokalitet 11-lang tur for vidarekomne

Særs godt presenterte spor av djuphavs-ras. Ei blanding av djuphavssediment, vulkansk- og plutonske bergarter samt seinare diabas-intrusjonar,- alt forma gjennom meir enn 20 mill. år. Synleg frå sjøen, mulig landgang i vik rett vest for lokaliteten. NB! Værhardt område som krev god kajakkerfaring.

Urda - Foto: Brynjar Stautland

Urda

lokalitet 12-lang tur for vidarekomne

Hovudkjelda for kleberstein til kyrkjene på Sør-Vestlandet i middelalderen før 1160. Står fram som ein vertikal vegg med mange spor frå uttak av kvaderstein, samt gryter. Ligg ca 100 meter frå stranda nord i Lyklingesjøen. Parkering like aust for skilt v/vegen, evt. landgong i gjestehavna innerst i Lyklingesjøen. Farvatnet utanfor Lykling er værhardt!

Lykling gullgruver - Foto: Brynjar Stautland

Gullgruvene på LYKLING

lokalitet 13 – lett tilkomst

Det største gullgruveområdet i Noreg (1880-1910), langs gullførande kvartsårer over Lykling. 200 kg gull var teke ut før siste gruva vart nedlagt. Mineraliseringa er avsett i samband med jordskorpe-forskuving (orogenese).

Ligg til sjø men er svært eksponert. Beste landgongsmulighet i gjestehamna i Lyklingesjøen, 2 km gange frå gruvene. Næraste sjøsetting i Åreidalen, Kulleseidkanalen gjestehavn eller Eidesvik.

Helgeneset - Foto: Brynjar Stautland

Helgeneset

lokalitet 15-lett tilkomst

Lengst ute på neset, i berget rett nordom det raude naustet, finn du putelava frå havbotn-vulkanismen i Iapetushavet for 495 mill. år sidan. NB! For parkering og 10 m in gange via sauebeitet; kontakt grunneigaren på mob. 90985254. Fint farvatn for kajakk, sjøsetting i Åreiddalen eller frå Kulleseidkanalen Gjestehavn.

Utslåttøy - Foto: Brynjar Stautland

Utslåttøy

lokalitet 20-lang tur for vidarekomne

Ein naturleg skulpturpark rundt lagune ytterst mot storhavet. Isskurt granitt med vær-erosjon langs sprekker. Mykje pegmatitt og store krystallar av feltspat, kvarts og mica. Tilkomst m. eigen båt/kajakk i eit eventyrleg men svært værhardt farvatn.

Tilkomst m. båt.

Ospholmsbleikja - Foto: Brynjar Stautland

Ospholmsbleikja

lokalitet 23-utaskjærs, mulig sjø

Granittbrot (granodioritt) for hus, vegar og kaiar i Bergen mellom 1870 og 1930. Forma av flytande magma djupt under ein øyboge for 466 Ma. Ein av dei finske steinhoggarane, Eino Taipale, har sett sin signatur i bruddet. Tilkomst med kajakk/båt, i roleg og fint farvatn.

Tilkomst med båt.

Moster Amfi - Foto: Finn Bakke

Moster Amfi & Moster kyrkje

lokalitet 27-utaskjærs, mulig sjø

Steinkyrkje frå ca 1100 i stein/marmor, med Moster Amfi og Kyrkjehistoriske senter like ved. Amfiet bygd i ei marmorgruve, med kafé, bibliotek og fleire utstillingar. Kalkomnar like ved amfiet, og fin tursti til Vetahaugen. Parkering v/kyrkja, evt. m. båt i Mosterhamn ca 200 meter frå amfiet. Skjerma farvatn i hamna men eksponert og værhardt i Bømlafjorden

Digernesklubben - Foto: Brynjar Stautland

Digernesklubben

lokalitet 29-lang tur for vidarekomne

Ein fin lokalitet av mørkeraud laminert chert laga av sedimenterte kiselalger på botn av Iapetushavet for 450-490 Ma. Parkering på park.plass ved Digernes. NB! Berga på lokaliteten er glatte når våte! Forekomsten synleg frå sjøen, men dette er ein værhard stad utan høve til landgang frå kajakk.

Fitjar sentrum - Foto: Kristin Helland

Fitjar sentrum

lokalitet 34-lett tilkomst

Fint eksempel på bruk av lokal granitt som byggemateriale i Fitjartun. Steingarden v/kyrkja like ved er bygd av stein frå ei eldre middelalderkyrkje. Den rike morenejorda her har gjeve gode kår for landbruk, og bygda er kjent for eineståande bronsealderfunn og som staden der Håkon den Gode fekk banesåret i år 960. Godt utgongspunkt for kajakkturar

Fitjarøyane - Foto: Finn Bakke

Fitjarøyane

lokalitet 35-lett tilkomst

Eit vidkjend øyrike i granitt, og eit kulturlandskap av nasjonal verdi (KULA).
468 Ma granodiotrittisk pluton i eit heva magmakammer, slipt ned og forma av kvartærperiodens mange istider.

Tilkomst med båt.
Fitjar tourist info: +47 951 89 950.

Raudholmen - Foto: Håvard Hallås Stubseid

Raugholmen

lokalitet 36-utaskjærs, mulig sjø

Her kan du spaséra på raud stein frå jordas indre! Peridotitt, harzburgitt og olivin, forma i overgangssona mellom jordas mantel og havskorpa. 500 m frå Bekkjarvik Gjestgiveri og Beckerwyck House. Tilkomst med båt/kajakk.

Tilkomst med båt, men same berggrunn finnest langs promenaden på land innom øya.

Røyrvikeskaget - Foto: Brynjar Stautland

Røyrvikeskaget

lokalitet 37-lang tur for vidarekomne

Spektakulært landskap og berggrunn mot havet heilt vest på Møkster, med granitt-årer innsprengt i marmor og kvartsitt då eit magmakammer eksploderte djupt under den vulkanske øybogen som oppstod då Laurentia kolliderte med Baltica 474 Ma.
Tilkomst m/båt/rutebåt, evt. kajakk men er svært eksponert/værhardt område.

Tilkomst med båt eller rutebåt.

Bårdhaugen - Foto: Tom Heldal

Bårdhaugen

lokalitet 38-lang tur for vidarekomne

Bårdhaugen lengst vest på Reksteren gjev unik innsikt i kontakten mellom to magmakammer (granitt og gabbro) då Sunhordlandsbatolitten vart laga. Tilkomst m. eigen båt, men svært værhardt. Ikkje tilrådeleg med kajakk. Synleg frå ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem.

Tilkomst med båt.

Russøy - Foto: Tom Heldal

Russøy

lokalitet 39-utaskjærs, mulig sjø

Denne vesle øya har brot og restar etter klebersteinsbryting i middelalderen, truleg av munkane ved Munkeliv Kloster i Bergen på 1200-talet. Tilkomst med båt/kajakk, evt. frå Våge.

Årbakka - Foto: Rune Øvrebotten

Årbakka

lokalitet 41-lett tilkomst

Forhistorisk gravplass med 4 bautasteinar av lokal skifer like ved Årbakka Handelsstad. Opprinneleg 6-7 støtter og fleire gravhaugar, vardar og steinringar. Keramikk og våpen-restar vart funne ved tidleg utgraving, men er tapt i dag. Parkering like ved, evt. tilkomst m. båt/kajakk til handelsstaden som er open i sommarsesongen.

Keramikk og våpen-restar vart funne ved tidleg utgraving.

Seløy - Foto: Tom Heldal

Seløy

lokalitet 42-lett tilkomst

Ei av dei mest spektakulære marmorgruvene i geoparken, der eit lag av marmor er hola ut i ei gruve under bakken, truleg heilt frå 1600-talet. Fleire inngongar til gruva, avdelt med bergfester av gjenståande marmor. Tilkomst med eigen båt el. kajakk.

Halsnøy Kloster og morene - Foto: Brynjar Stautland

Halsnøy Kloster og -morene

lokalitet 43-lett tilkomst

Halsnøy-morenen strekkjer seg over fjord-botnen og utgjer stor del av Halsnøy. Klosteret vart bygd på den grøderike morenejorda til kroninga av Kong Magnus i 1163. Marmor frå øya Hidle like ved vart nytta i kistemuren. Klosteret med kafe og utstilling er ope i sommarsesongen. Parkering like ved hovudvegen over Halsnøy, evt landgong ved kai på sørsida.

Vannes - Foto: Tom Heldal

Vannes

lokalitet 46-utaskjærs, mulig sjø

På Vannes kan du ta ein tur ned i jordskorpa, frå 1500 Ma vulkansk overflate til gabbro frå langt nede i jordskorpa. Gabbroen er gjennomtrengt av diabas-årer, truleg frå tilførsel til vulkanar på overflata. Besøk gjerne Vannes Naturcamp ytterst på Vannes.

Skorpo - Foto: Jan Rabben

Skorpo

lokalitet 48-utaskjærs, mulig sjø

Ein istids-skulptur forma av den plastiske is-kappa som seig ut i fjorden og polerte den relativt mjuke fyllitten i Skoprpo med sine raske sub-glasiale smeltevass-straumar fylte av grus og med høgt trykk. Fint å sjå frå båt på nært hald!

Bergspytt - Foto: Brynjar Stautland

Bergspytt-Garden Nordbø

lokalitet 51-lett tilkomst

Klebersteinsbrot heilt i strandkanten, delvis urørt sidan 1200-talet då stein herifrå vart brukt til bygging av Kvinnherad- og Ænes kyrkje. Kort padletur frå Rosendal Fjordhotel. Garden Nordbø (besøksgard) eig gruva og har tilbod for familie og born.

For besøk – ring Linda: 950 87 744.
Meir info om besøksgarden her.

 

Møsevatn - Foto: Folgefonni Breførarlag, Ståle Sundfjord

Møsevatn

lokalitet 58-lang tur for vidarekomne

Bilturen frå Rosendal til Møsevatn i sørvest-enden av Folgefonna går gjennom eit spektakulært landskap av enorme granitt- og gabbrokompleks (plutoner).
Guida kajakkturar til brefronten er mogleg med Folgefonni Breførarlag.

NB! Guida kajakkturar er mogleg inn til brefronten i Møsevatn, +47 951 17 792.

Langfoss - Foto: Svein Egil Økland

Langfoss

lokalitet 59-utaskjærs, mulig sjø

Ein spektakulær foss med eit totalt fall på 612 meter langs precambrisk granitt ned til sjøen. Eit av verdas 10 vakraste fossefall ifl. CNN Travel. Lett tilgjengeleg og synleg frå E134, men du kan også sjå vassfallet på guida topptur opp langs fossen med Åkrafjorden Oppleving (8 timar t/r).

Møsevatn - Foto: Folgefonni Breførarlag, Ståle Sundfjord

Hystadskogen

lokalitet 61 – lett tilkomst

Fint tillaga gangsti gjennom eit freda naturreservat med olderskog og rik biodiversitet. Fleire gravhaugar frå jernalder langs stien, og eit særeige og fint forma geologisk fenomen av kalkspatmarmor i Apalvika. Ca 1 timer lett spasertur t/r parkeringsplassen. Lett tilgang også via kajakk/båt.