HABITAT - Foto: Brynjar Stautland
i

Fotograf: Brynjar Stautland

Klimaendring

Den tydelegaste teiknet på klimaendring i Sunnhordland er at Bondhusbreen i Folgefonna har minka mye dei siste 20 åra. Endringar i fauna og flora på sjø og land er ikkje like signifikante og går så gradvis at dei kan opplevast som naturlege variasjonar. Til dømes er bestanden av terne, fiskemåse,  gråmåse, tjeld, grønfink og granmeis no raudlista, men årsakene til tilbakegangen er truleg mangslungne. Tilgong f. eks. av tobis som matkjelde er ei årsak for reduksjon i sjøfuglbestandar, men om bestandsreduksjonen av tobis er gitt av forvalting eller temperatur er usikkert.  Positivt er det at oteren er reetablert langs vår kyst etter å ha vore borte pga intensiv jakt opp til midt på 1900-talet. Blåskjel er imidlertid blitt sjeldan langs strendene både her og lenger sør i Europa, og forskarane peikar på høgare overflate-temperatur og medfølgande auka dødelighet. Stillehavsøstersen er på full fart inn i strendene våre, og opplevest med sine skarpe skjell som eit potensielt problem i motsetning til «vår» flatøsters. Japansk sjøpung, også kalt havnespy, er også ein invaderande art som kan få store konsekvensar for td. oppdrettsnæringa. Den er importert med skip, men korvidt auka temperatur er medverkande til at den trivest her, er uvisst p.t.

Årsakene til gradvise klimaendringar er mange, men mange arbeider med å finne stadig betre svar og mottiltak. I Geopark Sunnhordland er Folgefonnsenteret i Rosendal bygd rundt temaa Breen- Fjorden – Vatnet – Klimaendringar.  Bjerknessenteret for klimaforsking er ein av eigarane i Folgefonnsenteret.

 

folgefonnsenteret.no/om-folgefonnsenteret

folgefonnsenteret.no/en/about-the-folgefonn-centre-2