Lokalitetar

Geologien

Fram­side

Mat & rom

Om oss

LAVA

Berggrunnen i Sunnhordland nord for Hardangerfjorden har sitt opphav i vulkanisme sør for Ekvator for 495 mill. år sidan.

Vulkanismen starta i det gamle Iapetushavet som skilde to av den tidas kontinent, Laurentia og Baltika. Då kontinenta sakte dreiv mot einannan måtte noko breste, og dét skjedde først i den tynne havbotnen mellom dei langt tjukkare kontinental-platene.

I sprekkene oppstod vulkanisme som pressa deler av havbotnen til sides og inn under andre parti (subduksjon). Der havbotn vart pressa ned bygdes det opp majestetiske, høge vulkanar i ei lang rekke over fleire millionar år. Sunnhordlands bergarter og metall på nordsida av Hardangerfjorden har sitt opphav i denne prosessen og desse vulkanane.

Men ikkje berre. Kontinenta gav seg ikkje med å lage sprekker og subduksjonar i Iapetushavets botn. Laurentia og Baltika krasja vidare mot einannan til den enorme og 8-9.000 meter høge Kaldonske fjellkjeda, der stein, fjell og leire vart «knøvla» saman for 420 millionar år sidan. Denne kollisjonen var første del av puslespelet som vart til superkontinentet Pangea for 300 millionar år sidan. Fjellkjeda dreiv så sakte nordover på kontinentplatene medan den kollapsa, før  Pangea delte seg i nye kontinent og etterkvart forma dagens verdskart. I nordre del av Sunnhordland bur me no på eit fragment av Iapetushavbotnen og dei gamle vulkanane si ufattelege reise. Og bergartene frå Iapetushavets botn, i originalform eller «nykokte», har vist seg særs brukbare gjennom våre nesten 12000 år her på kysten. Kleberstein, grønstein, ryolitt, marmor, klorittskifer, kis, gull, granitt og fylitt har blitt nytta av oss i ulike periodar. Eit så breidt spekter av steintypar, av same opprinnelse og brukt over så lang tid, er hovudargumentet for at Sunnhordland fortener status som UNESCO-Geopark.
Liknande miljø som skapte Sunnhordland for 494-470 mill. år sidan finn du i dag ved Krakatoa-vulkanen i Indonesia.
Eit heilt anna geologisk opphav har berggrunnen på sørsida av Hardangerfjorden. Der bur me på eit fragment av det urgamle Baltika-kontinentet, over 1 milliard år eldre enn dei vulkanske bergartene frå lavastraumane i Iapetushavet. Granittane i Ulvanosi er 1,2 milliard år eldre enn granittane på Bømlo, Fitjar, Tysnes og Austevoll, og både den og dei andre bergartene på den sida av fjorden har vist seg mindre eigna til redskap for oss.

I det litt mjukare «arret» mellom Iapetus-havbotn og Baltika-berggrunn har så 30-40 istider, med enorme brear i stødig sig ut mot havet, grove ut Hardangerfjorden, ein av verdas lengste, djupaste og vakraste fjordar. Dalane, fjellsidene, morenane, jettegrytene og øyarkipelet er óg prega av desse tunge landskapsformarane sitt arbeid gjennom dei siste 2,6 millionar åra.  Dette landskapet har igjen prega oss, som fjell-,  fjord- og sjøvande kulturfolk.

Putelavafeltet på Finnås – dei 495 millionar år gamle fødselsmerka til Sunnhordland.

Grønsteins-øksene frå Hespriholmen var identitetsmerket for steinaldermenneska mellom Sognefjorden og Lista i meir enn 6000 år.

bergartane

Granitt

Granitt er ein magmatisk bergart som består av kvarts, feltspat og glimmer, og er ei steinsmelte som eingong størkna på store djup. Spesiell eigenskap er at den ganske lett kan delast i tre retningar (anisotrop).  Granitt er brukt til brustein, byggestein og monument, spesielt rundt århundre-skiftet 18-1900 då nasjonalkjensla var ekstra høg. Granitten vart rekna som «den norske» bergarten.

I heile nordre delen av Bømlo, Fitjar og Austevoll er granitt den dominerande bergarten. Uttak av granitt byrja på Rubbestadneset i 1863 då svenske sluskar hadde fått i oppdrag å ta ut stein her til Skoltegrunnsmoloen i Bergen. Dette starta ein industri som etterkvart involverte mange lokale bygdefolk.

Heilt fram til slutten av 1940-talet var det sunnhordlendingar som i periodar levde av steinarbeid. ”Bergen bygd med bømlogranitt” heiter det i ei overskrift i Naturhistorisk Vegbok. Tittelen viser til både klebersteinen i middeladerkyrkjene og til granitten i Kjøttbasaren i Bergen, dei store blokkene i fronten på Bryggen i Bergen, Sandvikskirken samt svært mykje brustein, trapper og kantstein i byen. Alt dette kjem frå Sunnhordland og spesielt Bømlo.

Lokalt i Bømlo og Fitjar lever enno historiane om finnen ”Taipen” (Taipale) og bømlingane Håkon og Knut Urangsæter som hogg ut stein og lagde dei vakraste husmurar, kaiar, trapper og gravsteinar. Murane sår att som evige monument, og i utmarkene i Sunnhordlands granittkommunar står lange, vakre steingardar som er borne og pusla saman av tilreisande karar mot kost og losji utanom fiskesesongane.

Høyr Martines Haldorsen frå Rubbestadneset fortelja om sitt møte med dei svenske sluskane i 1863, i eit unikt lydopptak frå 1938. Martines vart smed på Rubbestadneset i 1880-åra etter å ha lært smedkunsten av svenske granittsluskar.

I smia til Martines laga den 18-årige sonen Haldor den første Wichmann-motoren vinteren 1902-‘03, motoren som skulle dominere motoriseringa av den norske fiskeflåten. 

Grønstein

 Grønstein er ein massiv metamorf bergart, danna ved omsmelting av vulkanske bergartar som basalt og diabas under relativt låg temperatur. Den grøne fargen skuldast minerala kloritt, aktinolitt og epidot. 

Steinbrotet på Hespriholmen er eit unikt monument frå verdas steinalderkultur. Øksemateriale vart med fyrsetting teken ut her gjennom ein periode på nesten seks tusen år (9500-3500 før notid), og grønsteinsøkser frå Hespriholmen vart i denne perioden identitetsmerket for menneska på Sørvestlandet, dvs mellom mellom Lista i sør og Sognefjorden i nord. Steinbrotet vert vurdert som det lengstvarande «industriføretaket» i verda.

Steinen vart ført med båt frå Hespriholmen til verkstadbuplassen Sokkamyro inne på Langevåg. I førstninga vart øksene bearbeidd på same måte som flintøkser, dvs. ved å slå av stykke tildess forma var nokonlunde tenleg. Etterkvart utvikla steinsmedane i Sokkamyro ein ny produksjonsmetode der emna vart «prikkhogde» til ei smal, perfekt ellipseform og fekk ein slipt egg på eine sida.

Grønstein finnest fleire stader på Bømlo, men det er berre på den værharde Hespriholmen samt i eit mindre brot på vestsida av Siggjo (Stegahaugen) den har vore utvunnen. Det tyder truleg at steinen her er av spesielt god kvalitet, men det kan òg ha hatt mytologiske årsaker.

I tillegg til å vera redskap til trearbeid, kan øksene ha hatt rituelle eller symbolske verdiar. Det er òg naturleg å tenke seg at både emner og ferdige økser vart nytta som bytemiddel/valuta.

Vespestad-øks.

Prikkhogd trinnøks (teikningar: Sigmund Alsaker)

Steinbrotet på Hespriholmen.

Gull

Ein hypotese er at gull kom til jorda med meteorittar for 4 milliardar år sidan og vert konsentrert til synlege mengder gjennom vulkanisme på havbotnen. I Sunnhordland, som mange andre stader, finn ein gull i eller i lag med kvarts.

(Aurum/Au), metallisk grunnstoff med atomnummer 79. Gull vert ikkje påvirka av andre stoff/syrer, men bind seg til kvikksølv. 1 liter gull veg om lag 20 kg.

I 1862 fann ein gjetargut den første gullklumpen på Lykling. Frå 1882-1910 vart det drive gullgraving i stor stil langsetter kvartsårene i Lyklingeberga, med totalt ca 300 mann tilsett på det meste og omlag 200 kilo som total gullfangst. Tre store selskap, hovudsakleg finansiert og drivne av engelskmenn, men óg ei rekke «enkeltmannsføretak», snudde den vesle bygda på hovudet i dei ca 25 åra gruvedrifta varte.

To hotell, eit hotellskip, fleire bakeri og ei rekke sjapper av ulikt slag vart bygd opp kring gruvedrifta. Gruvene på Lykling er dei største gullgruvene i landet, sjølv om det er funne meir gull som biprodukt i jernverka i Bidjovagge i Finnmark.

Enno finnest gull på Lykling, men området er freda slik at det ikkje er lov å ta med seg stein eller gull frå området utan avtale med konsesjonsinnehavar.

KIS

Kopar og svovelkis oppstår i langsomme prosessar (black smokers) ved undersjøisk vulkanisme. Kis frå det gamle  Iapetushavet er utvunne i Sunnhordland i periodar frå 1860 til 1968, og la grunnlaget for storstilt industri på Litlabø.

Kisgruve i Dyråsen, Ølve.

På Bømlo var det førekomstane på Lindøy (svovelkis) og Alvsvåg (koparkis) som viste seg rike nok til ordinær drift av noko omfang. På Varaldsøy var det drift i Varaldsø Mining Company Ltd fram til slutten av 1800-talet, samt i nokre seinare periodar (m.a. 1.verdskrigen). I første perioden var den engelske familien Barrat både eigarar og drivarar av gruva, der sonen Thomas seinare vart grunnleggjar av Pinsemenigheten i Noreg.

Koparkisen var råstoff for det edle myntmetallet kopar (Cu), medan svovelkisen var råstoff for svovel, ein stadig meir ettertrakta ingrediens i medisin og industri (svovelsyre) samt ammunisjon og dynamitt utetter 1800-talet.

Svovelkis (FeS2) består av jern og svovel og tilhøyrer mineralgruppa sulfidar. Sjølve kisen er blank messingfarga og steinen rundt kraftig svovelfarga. Koparkis (CuFeS2) er eit sulfidmineral og det viktigaste koparmineralet i Noreg. Koparkisen er gulare enn svovelkis og kan ripast med kniv. Den oksyderer med turkis farge. Rustfargen kjem av oksidert jern (Fe) som finnest i begge kistypane.

På Karmøy (i Sunnhordlands naboregion) la koparkis- førekomstane grunnlaget for det som skulle bli ei av nord-europas største koparverk på slutten av 1800-talet. 70 % av dei norske eksportinntektene kom den gong frå koparverket på Vigsnes. På Litlabø på Stord vaks lokalsamfunnet på Litlabø i takt med Stordø Kisgruber, som under tyske eigararar frå tidleg på 1900-talet m.a. produserte svovel til celluloseindustrien i Europa. Lokalt i Sunnhordland vart rustfarga grus frå produksjonen på Litlabø, «makadam», eit mykje nytta produkt i vegbygging etc.

Stordø Kisgruber er i regi av Venelaget blitt ei besøksgruve av dei heilt sjeldne. Både produksjonslokaler, kontorbygningar, reiskap, gruvegongar, eit transporttog og bustadhus er restaurerte og tilgjengelege for guida turar. Totalt er det ca 90 km med gruvegongar på Litlabø, med dei djupaste gruvegongane 700 meter under bakkenivå. Samfunnet som bygdest opp rundt gruvedrifta skilde seg ut frå resten av Stordsamfunnet, og då gruvene vart nedlagt i 1968 vart arbeidskraft herifrå viktig for den veksande skipsindustrien på øya, både på «golvet» og i ingeniørkontora.

 

Kisarbeidslag i Dalen, anno 1911.

kleberstein

Kleber er ein omdanna bergart som består av talk, serpentin og magnesitt. Det er naturens mjukaste bergart, kan skjerast i og tåler varme utan å sprekke.  Er nytta til pudder, gryter, spinnehjul, søkkjer, ovnar, byggestein og skulpturar. 

Hordalands største klebersteinsbrot finn du på Lykling, Bømlo. Her vart det truleg først teke ut steinemner til urner og gryter (grjotstein»), søkkjer og lodd heilt frå yngre steinalders tid, men det er som kjelde for kvaderstein til middelalderkyrkjene i Bergen at Austavindhaugen på Lykling er mest kjend. «Kvader» er blokker på ca. 1 × 0,5 × 0,5 meter.

Det er óg nytta kleberstein frå Lykling i Mostrakyrkja, bygd ca. 1100, men då som botnsville under kistemuren samt nokre stader i sjølve muren. Det er usikkert om Mostrakyrkja vart bygd før eller etter middelalderkyrkjene i Bergen (Korskirken, Domkirken, Mariakirken og Nonneseter Kloster).

Ingen kjelder fortel oss idag kven som dreiv steinbrotet her i middelalderen. Det kan ha vore lokal arbeidskraft som har lært teknikken utanlands eller av utlendingar, kanskje i samband med bygging av Mostrakyrkja. Går du over bakken og bortåt bergveggen på Austavindshaugen idag, trør du på haugar av avslag frå produksjonen. I bergveggen ser du snart ei rekkje blokker som står att som store legoklossar, meir eller mindre ferdige til utkiling. Lyttar du nøye ein stille kveld, høyrer du kanskje enno hamring, latter og prat… Og ved kaiane langs stranda ser du kanskje seglskutene ligge med travle landgangar ute. Her var det garantert mykje liv på 1100-1300-talet!

Kleberstein er den mjukaste bergarten me har, og er ein metamorf bergart som hovudsakeleg består av mineralet talk med varierande mengde kloritt og amfibol. Den er svært varmebestandig og mjuk.

Fagmiljøet er på synfaring i klebersteinsbrotet på Lykling.

Marmor

Marmor er ein omdanna kalkstein som hovudsakleg består av mineralet kalsitt (CaCO3). Kalksteinen er opprinneleg   restar etter tjukke lag av døde kalkalger på havbotnen som etterkvart vart pressa saman.  
Frå bygginga av Mostrakyrkja på 1000-talet har det vore brote ut marmor i Sunnhordland, både til kalksement og byggestein. 

«Søndhordlehn er bekjendt af sine Marmorarter, de skjønneste der findes i Landet». Topografisk-statistisk Beskrivelse af Norge», J. Kraft, 1829

Heilt frå 1000-talet og bygginga av Mostrakyrkja har det vore brote ut marmor på Moster, noko seinare på den vesle øya Hidle mellom Stord og Halsnøy samt på Storsøy rett nord for Huglo. Lokalt har marmoren helst vore kalla «kalkstein» eller «limstein». Sidan marmor er metamorf kalkstein, dvs. den er oppvarma ein ekstra gong og blitt meir krystallisert, fungerer den like godt som råstoff til kalkbrenning som den mjukare kalksteinen. Innhaldet er det same; mengder av kalkalger som har søkkt ned på botnen og danna tjukke sediment som gjennom tid og trykk er blitt til stein (CaCO3).

Marmoren i Sunnhordland har først og framst gjennom nesten 1000 år vore nytta som råstoff til produksjon av kalksement (g.no «limstein», eng. «limestone»), ein naudsynt ingrediens f. eks. i Mostrakyrkjas kistemur.

I omlag 120 år frå tidleg på 1700-talet vart det imidlertid eksportert vakre marmorblokker til den Dansk-Norske kongens slott og monument i København og Karibien (St. Croix).

Den som stod for denne eksporten var først «den grusomme Montanjen», deretter finnåspresten Peder Harboe Herzberg som utmerka seg som ein stor folkeopplysar for folket i både regionen og landet.

På gatene i København går du på marmor frå Sunnhordland.

På 1900-talet vart mykje av marmoren, spesielt frå Moster nytta som råstoff i industriell produksjon av karbid ved Odda Smelteverk og ferrosilikat og -silisium ved Bjølvefossen i Ålvik. Heilt til 1969 vart likevel brent kalk selt både som gjødsel i Hardanger og som bindemiddel i brenning av murstein etc i Sandnesområdet.

Frå slutten av 1800-talet la marmorgruvene grunnlaget for ei fraktebåtnæring som på 1960-talet talde 75 båtar heimehøyrande på Moster. Mest kvar familie eigde då i ein båt som gjekk med kalk og marmorpukk eller anna frakt i rute langs kysten.

Moster Amfi er laga til i ei nedlagt marmorgruve, og marmor er lett å finne både rundt amfiet og andre stader på Moster, td. i Notlandsvågen.

Marmor er ein metamorf bergart som hovudsakeleg består av mineralet kalsitt (CaCO3).

Ryolitt

Ryolitt er ein vulkansk bergart som består av same mineral som granitt, men sidan ryolitt ofte størknar på jordoverflata v/vulkanutbrudd er mineralkorna mindre. I Sunnhordland stammar ryolitten frå utbrota dei vulkanske øyrekkene hadde for 470 millioner år sidan.
For fem-seks tusen år sidan sat folk på Siggjo og lagde pilespissar til jaktbogane sine av desse gamle lavastraumane.

Ta deg ein tur bort på ryolittbrotet neste gong du er på Siggjo. Tenk deg at her sat det folk for fem tusen år sidan og lagde seg pilespissar til jaktbogane sine, piler som er funne att heilt nord i Trøndelag! Steinbrotet er i lia rett vest for tjørna på nordenden av Siggjatoppen.

Staden var ideell på mange måtar; her var ryolitten glasaktig og perfekt for pilespissar, og i tjørna like over kunne dei hente vatn i skinnsekker til å tøme på berget som dei først varma opp med bål av eikevéd. Det store temperaturfallet i steinen gjorde då sitt til at berget sprakk i høvelege emner, og som dei vidareforedla der i lia. Restane etter pilespissproduksjonen finn du i lyngen om du ser etter!

Ryolitten på Siggjo er ein finkorna dagbergart danna ved eksplosiv vulkanisme for 470 mill år sidan. Den får skarpe brotkantar og vart brukt til pilespissar i perioden 5000-4500 før notid (ca). 

Putelava

På Finnås finn du fødselsmerka frå då berggrunnen vår dukka opp i havbotnen sør for Ekvator. Lavaen strøymde ut på havbotnen for 495 millionar år sidan, og størkna som puter i møtet med det kalde sjøvatnet.  Putene er seinare slipt ned til den overflata dei har på Helgeneset på Finnås.  

Putelavafeltet på Finnås er eit av dei mest spektakulære geo-lokalitetane i Geopark Sunnhordland.

Dette lavapartiet som ein gong braut seg opp or botnen i det gamle Iapetushavet, skjedde då dei urgamle kontinenta Laurentia og Baltika dreiv mot einannan på veg mot skapinga av den enorme Kaledonske fjellkjeda. Den tynnare havbotnen mellom Laurentia og Baltika sprakk opp pga. presset, og eine sida vart trykt ned under den andre. Lavabobler pressa seg opp frå jordas indre gjennom sprekkene, og størkna til «pølser» i møtet med sjøvatnet.

Opprinneleg var overflata «pølsete» eller «boblete», men er no slipt ned til ei relativt glatt flate og sett på høgkant. Husk at dette partiet har følgt med den 8-9.000 meter høge Kaledonske fjellkjeda som segla på kontinentalplata mest frå Sørpolen og opp til oss. Det har verkeleg fått kjørt seg, og blitt slipt, snudd og vendt på!

Desse prosessane føregår kontinuerleg ute i verdshava då kontinenta heile tida er i rørsle mot eller frå einannan. Jorda endrar seg, nokre cm pr. år men over enorme tidsspenn. Putelavafeltet på Finnås er eit minne om den ufattelege forvandlinga landskapet vår er eit resultat av. Og etter at putelavapartiet fann sin plass der det ligg no, har det blitt finslipt og pussa av 30-40 istider gjennom dei siste 2,6 millonar år (Kvartærperioden).

Klorittskifer

Vulkansk oske frå Iapetushavet vart kjelde til nybakt flatbrød. Ølve forsynte Noreg og Vesterhavsøyane med baksteheller i middelalderen.

Klorittskifer er en type kleberstein, «lett» å hogge til baksteheller, men ueigna til gryter.

Det geologiske opphavet til klorittskiferen går heilt tilbake til den gong Noreg låg sør for Ekvator. Undersjøisk vulkanisme skapte vulkanske øyar i havet mellom «Noreg og Grønland» (Baltica og Laurentia).

I ein periode spydde vulkanane ut tjukke lag av vulkansk aske. Det var desse askelaga som under høgt trykk og temperatur under den kaledonske fjellkjededanninga vart omdanna til klorittskifer.

Lavabreksje

På toppen av Grutle-brekka på Bømlo kan du sjå spor av spektakulære lavastraumar, tilsvarande dei raudglødande  straumane me i dag kan sjå på Hawaii. På Grutle er dei kolna og over 470 millionar år gamle. Breksje vert danna når lavastraumen storknar på utsida men framleis er flytande inni. Dei storkna partia ytst vert brotne opp (breksjert) og fell tilbake i lavaen som lysare bitar.

Tekst om lavabreksje.

Lokalitetar

sunnhordland