i

Fotograf: Jan Rabben

Lokalitetar

I Sunnhordland er du alltid nær ein stad der stein, landskap og utstillingar byr på både utsikt og innsikt. Du er invitert til å oppdage Sunnhordlands sjel gjennom vår natur og kultur. Men trø varsamt, far sporlaust, handle lokalt og ver førebudd på vårt ville vestlandsvær.

 

Grundigare beskrivelse av lokalitetane og geologien finn du her.

Løypekoder

Grøn – lett tilkomst   Blå – noko klyving, ikkje sti   Raud – lang tur for vidarekomne

Ryvarden - Foto: Ryvarden kulturfyr

Ryvarden

lokalitet 1

Den 2 km lange stien til Ryvarden Kulturfyr går gjennom nokre av dei dei eldste bergartene i geoparken, 1,5 mrd år gammal isskurt auge-gneis. Frå fyret har du utsikt over Hardangerfjordens møte med Nordsjøen, og over til den unge havbunnsvulkanismen på nordsida av fjorden.

Hummarparken - Foto: Arild Barane

Hummarparken

lokalitet 2

Den største hummarparken i Noreg, bygd i 1887, restaurert i 1993 og no freda. Tildelt Europa Nostra Diploma for sin konstruksjon.

Open i sommarsesongen.

Espevær - Foto: Lars-Christian Dahl

Espevær

lokalitet 3

Eit heilt særeige fiskevær lengst ut mot Nordsjøen. Smale asfalterte stiar mellom velhaldne tradisjonelle hus, ein bil og 45 innbyggjarar om vinteren. Senter for sildefisket midt på 1800-talet.

Kort avstand til Hespriholmen.

Sokkamyro - Foto: Universitet i Bergen

Sokkamyro

lokalitet 4

Steinalderens verkstadbuplass for tilvirking av grønsteinsøksene frå Hespriholmen. Ligg like bak Bygdatunet. Sokkamyro representerer starten på norsk steinalder-arkeologi.

Sætrehillaren - Foto: Brynjar Stautland

Sætrehillaren

lokalitet 5

Ein hillar der fleire artefakter er funne, m.a. ein beinkam frå 600 e.Kr. med det første kjende kjærleiksdiktet frå norsk kultur. Eit døme på korleis hillarar vart nytta som jaktstasjonar gjennom steinalderen.

Hespriholmen - Foto: Brynjar Stautland

Hespriholmen

lokalitet 6

Kjelda for grønsteinsøksene på Sør-Vestlandet gjennom 6000 år. Ei av dei eldste intakte gruvene i verda. Øya er freda, men gå gjerne i land om vér og bølge tillet.

Tilkomst med eigen båt, evt. kontakt geoparken.

Bergesfjell - Foto: Brynjar Stautland

Bergesfjell

lokalitet 7

Øvre del av Bergesfjellet består av gabbro, 60 millionar år eldre enn berggrunnen under (Silur). Gabbroen har gjennom orogenese blitt pressa opp på den sedimentære bergrunnen. Tidlege silur-fossilar er funne i fyllitten (Reusch).

Skjervika - Foto: Brynjar Stautland

Skjervika

lokalitet 8

Brudd for jaspis (mikro-kvarts) nytta til redskap i eldre steinalder. Danna på havbotnen i hydrotermale prosessar relatert til havbotn-vulkanisme.

Tilkomst via sti frå Berge, evt. med eigen båt.

Grutlebrekka - Foto: Brynjar Stautland

Grutlebrekka

lokalitet 9

Vegskjering gjennom ekstremt breksjert lavastraum, størkna mellom 472 og 466 Ma. Laga av fleire utbrot frå ein eller fleire vulkanar i siste periode av vulkanisme i geoparkens område.

Holsøyane - Foto: Tom Heldal

Holsøyane

lokalitet 10

Øygruppe med fint presentert lava og pyroklastiske straumar, 474-466 Ma. Laminerte lag av tuff av andesittisk type, og tjukke lag av pyroklastisk brekjse med fragment av falda tuffitt.

Lyklingeholmen - Foto: Brynjar Stautland

Søre Lyklingholmen

lokalitet 11

Særs godt presenterte spor av djuphavs-ras. Ei blanding av djuphavssediment, vulkansk- og plutonske bergarter samt seinare diabas-intrusjonar,- alt forma gjennom meir enn 20 mill. år.

Urda - Foto: Brynjar Stautland

Urda

lokalitet 12

Hovudkjelda for kleberstein til kyrkjene på Sør-Vestlandet i middelalderen før 1160. Står fram som ein vertikal vegg med mange spor frå uttak av kvaderstein, samt gryter.

Lykling gullgruver - Foto: Brynjar Stautland

Gullgruvene på LYKLING

lokalitet 13

Det største gullgruveområdet i Noreg (1880-1910), langs gullførande kvartsårer over Lykling. 200 kg gull var teke ut før siste gruva vart nedlagt. Mineraliseringa er avsett i samband med jordskorpe-forskuving (orogenese).

Kulleseidkanalen - Foto: Brynjar Stautland

Kulleseidkanalen

lokalitet 14

Bygd mell. 1854-’56 for å lage ei trygg ferdselsveg til og frå det rike sildefisket på vestsida av Bømlo. Totalt 1700 meter tvers over øya, og var eit stort prosjekt i landet då den vart bygd. Idag ei populær lei for fritidsflåten.

Helgeneset - Foto: Brynjar Stautland

Helgeneset

lokalitet 15

Lengst ute på neset, i berget rett nordom det raude naustet, finn du putelavaen frå havbotn-vulkanismen i Iapetushavet for 495 mill. år sidan.

NB! Sjekk info ved skilta parkeringsplass på garden.

Kjøl - Foto: John Inge Svendsen

Kjøl

lokalitet 16

Spektakulær rygg av strandstein og grus frå siste del av siste istid, ca 35 moh. dagens havnivå. Eit unikt naturhistorisk monument og den beste ornitologiske lokaliteten og svært viktig fugleområde, med 197 registrerte artar (ref: Odd Hallaråker, Birdlife Vestland)

Tverråno - Foto: Brynjar Stautland

Tverråno

lokalitet 17

Ein av dei viktigaste vitskaplege lokalitetane for geologisk forståing av området. Gjev grunnleggjande informasjon om affinitet mellom bergarter samt tidfesting av tektoniske nøkkelhendingar (S-type granite).

Steganeset - Foto: Brynjar Stautland

Steganeset

lokalitet 18

Her kan du sjå kjemisk erodert granitt, vist som avrunda kantar typisk for kjemisk erosjon over lang tid og annleis enn den is-erosjonen som førekjem langt vanlegare i Noreg.

Goddo-forkastinga - Foto: Brynjar Stautland

Goddo-forkastinga

lokalitet 19

Denne beskjedne lokaliteten bér grunnleggande vitskapleg informasjon om det norske landskapet, i fleire sonar med leirefylte hólrom skapt under forkastningar (Permian 265a, Triassic 200 Ma, Tidleg Kritt 125 Ma)

Utslåttøy - Foto: Brynjar Stautland

Utslåttøy

lokalitet 20

Ein naturleg skulpturpark rundt lagune ytterst mot storhavet. Isskurt granitt med vær-erosjon langs sprekker. Mykje pegmatitt og store krystallar av feltspat, kvarts og mica.

Tilkomst m. båt.

Ørnavikhaugen - Foto: Brynjar Stautland

Ørnavikhaugen

lokalitet 21

Den smale vegen lengst nord på Bømlo går gjennom eit nakent granittlandskap av øyar og skjér. Ørnavikhaugen er ein god stad for å oppleve dette strandflate-arkipelagoet skulpturert av is, og med framtredande pegmatitt-årer i granodioritten.

Slåtterøy - Foto: Finn Bakke

Slåtterøy fyr

lokalitet 22

Slåtterøy er eit eventyr av kvit, polert granitt og med eit 25 meter høgt raudt fyrtårn (1859) av støypejern på toppen. Fyret har den sterkaste lysstråla i eit norsk fyr (5.180.000 candela).

Tilkomst m. båt, evt. skyss frå Brandasund, 975 66 056.

Ospholmsbleikja - Foto: Brynjar Stautland

Ospholmsbleikja

lokalitet 23

Granittbrot (granodioritt) for hus, vegar og kaiar i Bergen mellom 1870 og 1930. Forma av flytande magma djupt under ein øyboge for 466 Ma. Ein av dei finske steinhoggarane, Eino Taipale, har sett sin signatur i bruddet.

Tilkomst med båt.

Idledalen - Foto: Ola Fredin

Idledalen

lokalitet 24

Ein nøkkelstad for undersøking av mesozoiske element i istidslandskapet, og av særleg interesse etter funnet av olje i samme type granitt på Utsirahøyden. Saprolitt og granodiorittiske blokker i ein fraktursone indikerer sub-tropisk erosjon (210 Ma).

Wichmann-smia - Foto: Brynjar Stautland

Wichmann-smia

lokalitet 25

I den gamle smia er mange av dei legendariske Wichmannmotorane samla, inkludert den første «2-hesten» Haldor Haldorsen laga i 1902. Smia er operativ og med alt utstyr som var i bruk fram til på 1970-talet.

Privat museum, ring +47 905 16 326 for avtale.

Siggjo - Foto: Brynjar Stautland

Siggjo

lokalitet 26

Ikonisk fjell i Sunnhordland 474 moh, med steinbrot for pilespissar i yngre steinalder, mange flyttblokker frå siste istid og spektakulær utsikt. Stien frå austida er delvis tilrettelagt med sherpa-trapper. Det freda ryolitt-brotet er på vestsida av tjernet, nord på toppen.

Moster Amfi - Foto: Finn Bakke

Moster Amfi & Moster kyrkje

lokalitet 27

Den eldste middelalder-steinkyrkja i landet, eit kultursenter for brytningstida mellom norrøn og kristen tru, og eit stort amfiteater bygd i den nedlagte marmorgruva. Restaurant, bibliotek, utsalg, fleire utstillingar samt Geoparkens hovudsenter.

Einstapevoll - Foto: Jan Kornstad

Einstapevoll

lokalitet 28

Gard med hus frå 1816, bygd etter barokke prinsipp for symmetri. Tak, murar og steingardar bygd av lokal skifer (augegneis). I privat eige, husa ikkje opne for publikum.

Digernesklubben - Foto: Brynjar Stautland

Digernesklubben

lokalitet 29

Fargerikt berg av raud laminert chert, laga på botnen av Iapetushavet (500 Ma) ved sakte sedimentering av silica-skal frå mikroorganismar.

Parkering på parkeringsplassen rett nord for tunnellen på nordsida av Stordabrua. Trapp over gjerdet mellom tunnelen og brua.

Sagvåg skule - Foto: Brynjar Stautland

Sagvåg skule

lokalitet 30

Rett ved skuleplassen kan du studere konglomerata i Utslettefjell-formasjonen, den yngste bergarten i geoparken vår (440Ma).

Konglomeratet omfattar et spekter av litologiar som kvartsitt, granitt, gabbro, jaspis, kleberstein og vulkanittar.

Stordø gruver - Foto: Brynjar Stautland

Stordø gruver

lokalitet 31

Kisgruvene er basert på store sulfid-avsetjingar laga av «black smokers» i Iapetushavet 500 Ma. Frå 1865-1968 vart det drive ut 90 km gruvegongar av eit livskraftig gruvesamfunn med ein sterk politisk identitet.

Tilrettelagt for publikum i sesong, evt. på bestilling (tlf. 994 99 457)

Kattnakken - Foto: Atle Rotevatn

Kattnakken

lokalitet 32

Dei vulkanske bergartene i dette landemerket 713 moh spenner frå basalt til ryolitt og er av liknande type som på Siggjo (Bømlo). Eit populært mål for både friluftsliv og geologi-ekskursjonar.

Dalskarvatnet - Foto: Jan Rabben

Dalskarvatnet

lokalitet 33

Den beste fossil-lokaliteten på Vestlandet, med viktige historier å fortelje frå både tørt land og hav 440 Ma. Relatert til fossilar av same alder funne i Nord-Amerika.

Merka sti frå Hustrudalen.

Fitjar sentrum - Foto: Kristin Helland

Fitjar sentrum

lokalitet 34

Fitjartun i sentrum av bygda er eit fint eksempel på bruk av lokal granitt. Muren er hogd og bygd av finnen Hjalmar Taipale i 1956.

Steingarden rundt kyrkja like ved er bygd av stein frå den gamle middelalderkyrkja, riven i 1867. 

Fitjarøyane - Foto: Finn Bakke

Fitjarøyane

lokalitet 35

Eit vidkjend øyrike i granitt, og eit kulturlandskap av nasjonal verdi (KULA).
468 Ma granodiotrittisk pluton i eit heva magmakammer, slipt ned og forma av kvartærperiodens mange istider.

Tilkomst med båt.
Fitjar tourist info: +47 951 89 950.

Raudholmen - Foto: Håvard Hallås Stubseid

Raugholmen

lokalitet 36

Her kan du spaséra på raud stein frå jordas indre! Peridotitt, harzburgitt og olivin, forma i overgangssona mellom jordas mantel og havskorpa. 500m frå Bekkjarvik Gjestgiveri.

Tilkomst med båt, men same berggrunn finnest langs promenaden på land innom øya.

Røyrvikeskaget - Foto: Brynjar Stautland

Røyrvikeskaget

lokalitet 37

Spektakulært landskap og berggrunn mot havet heilt vest på Møkster, med granitt-årer innsprengt i marmor og kvartsitt då eit magmakammer eksploderte djupt under den vulkanske øybogen som oppstod då Laurentia kolliderte med Baltica 474 Ma.

Tilkomst med båt eller rutebåt.

Bårdhaugen - Foto: Tom Heldal

Bårdhaugen

lokalitet 38

Berga lengst vest på Reksteren gjev unik innsikt i kontakt mellom to magmakammer (granitt og gabbro) då Sunnhordlandsbatolitten vart laga (473-466 Ma).

Tilkomst med båt.

Russøy - Foto: Tom Heldal

Russøy

lokalitet 39

Denne vesle øya har brot og restar etter klebersteinsbryting i middelalderen, truleg av munkane ved Munkeliv Kloster i Bergen på 1200-talet.

Tilkomst med båt.

Flakkavåg - Foto: Olav Skjellevik

Flakkavåg

lokalitet 40

Kalkomnen i Flakkavåg vart bygd i 1870, og er eit døme på ei næring og aktivitet som fann stad på dei fleste gardane her sidan middelalderen. Produksjonen i Flakkavåg tok slutt rundt 1900.

Årbakka - Foto: Rune Øvrebotten

Årbakka

lokalitet 41

Forhistorisk gravplass med 4 bautasteinar av lokal skifer like ved Årbakka Handelsstad. Opprinneleg var her 6-7 støtter og fleire gravhaugar, vardar og stein-ringar.

Keramikk og våpen-restar vart funne ved tidleg utgraving.

Seløy - Foto: Tom Heldal

Seløy

lokalitet 42

Ei av dei mest spektakulære marmorgruvene i Sunnhordland, der eit lag av marmor er hola ut i ei gruve under bakken, truleg heilt frå 1600-talet. Fleire inngongar til gruva, avdelt med bergfester av gjenståande marmor.

Eit naturreservat på grunn av ein rik og sjeldan vegetasjon med kristorn, fjelllav, barlind, lindeskog og edellauvskog.

Tilkomst med båt.

Halsnøy Kloster og morene - Foto: Brynjar Stautland

Halsnøy Kloster og -morene

lokalitet 43

Halsnøy-morenen strekkjer seg over fjorden og over Halsnøy. Klosteret vart bygd på denne grøderike morenejorda til kroninga av vesle Kong Magnus i 1163, like ved marmor-forekomstane på Hidle som vart nytta i kistemuren.

Klosteret med kafe og utstilling er ope i sommarsesongen.

Etne terrasse - Foto: John Inge Svendsen

Etne-terrassen

lokalitet 44

Eit glasiomarint delta med kvartærgeologiske avsetjingar og karakteristiske landformer, idelle for å vise den geologiske utviklinga i området. Mange gravminner og rik bergkunst frå bronse- og jernalder (td. Helgaberg).

Stødle steinkyrkje bygd av Erling Skakke (Kong Magnus» far) i 1160.

Skånevik - Foto: Lars Hertervig

Skånevik, Kjærlighetsstien

lokalitet 45

Eit flott landskap med godt tilrettelagde stiar langs den tydelege moreneryggen mellom elvane Milja og Valdra. Går gjennom gammal eikeskog, av den nordlegaste i landet.

Lett tilkomst frå Skånevik Hotel.

Vannes - Foto: Tom Heldal

Vannes

lokalitet 46

På Vannes kan du ta ein tur ned i jordskorpa, frå 1500 Ma vulkansk overflate til gabbro frå langt nede i jordskorpa. Gabbroen er gjennomtrengt av diabas-årer, truleg frå tilførsel til vulkanar på overflata.

Ulvanosa - Foto: John Inge Svendsen

Ulvanosa

lokalitet 47

Eit skule-eksempel på korleis klima, brear og berggrunn har forma landskapet over tid. Det majestetiske fjellet reiser seg 1246 moh og er eit populært turmål frå Holmedal og opp langs Dyrrinda-morenen.

Skorpo - Foto: Jan Rabben

Skorpo

lokalitet 48

Ein istids-skulptur i fast fjell. Forma av den plastiske is-kappa som seig ut i fjordbassenget og polerte den relativt mjuke fyllitten med sine raske sub-glasiale smeltevass-straumar fylde av grus og under høgt hydrostatisk trykk.

Fuglebergåsen - Foto: Oddleiv Apneseth

Fuglebergåsen

lokalitet 49

Kjelda for middelalderens baksteheller av grøn klorittskifer, mest truleg tuff-avsetjingar. Nytta c. 1025-1250 cal AD, men for takheller noko seinare. Bakstehellene var ca 1 cm tjukke, runde og 25-50 cm i diameter. Distribuert langs Norskekysten og på Vesterhavsøyane. 

Attramadal - Foto: Oddleiv Apneseth

Attramadal

lokalitet 50

Ei av Noregs eldste metallgruver, og den fyrste i Noreg der svartkrut vart nytta (1655). Hovudsakleg pyritt, chalcopyritt og spaleritt, forma av varmt metallhaldig vatn som sirkulerte i berget nær vulkanar på havbotnen (cambro-ordovicisk periode).

Bergspytt - Foto: Brynjar Stautland

Bergspytt-Garden Nordbø

lokalitet 51

Klebersteinsbrot. Stein herifrå vart nytta i Kvinnherad- og Ænes kyrkjer på 1200-talet. Ein av dei få stadene i Noreg det er mogleg å sjå ei middelalder-steinkyrkje og steinbrotet ila ein kort spasertur.

For besøk – ring Linda: 950 87 744.
Meir info om besøksgarden her.

Nordlimorenen - Foto: Jan Mangerud

Nordli-morenen

lokalitet 52

Gå langs kanten av ein tidlegare fjord-bre 900 moh. Dei langstrakte ryggane, ca 2-3 meter høge og 10 meter breie, er svært tydelege mot den nakne berggrunnen over tregrensa. Eit skuleeksempel på ein sidemorene forma av ein fjord-bre (yngre dryas).

Nordli-morene, er ein del av nasjonalparken som er verna på grunn av variasjonane i habitat og naturtypar.

Kvinnherad kyrkje - Foto: Jan Oluf Kornstad

Kvinnherad kyrkje

lokalitet 53

Bygd i 1250 av lokal kleberstein frå Bergspytt. I kyrkja står to marmor-sarkofaga til baron Londemann & frue, laga av klokkar Sakseide på Marmor Fabriquen ved Finnås Prestegard (1749) der Herzberg-prestane heldt hus i tre generasjonar.

Melderskin - Foto: Jan Rabben

Melderskin

lokalitet 54

Ei 1426 meter høg perle blandt bre-landskap. Ein geomorfologisk lokalitet med vidt utsyn i alle himmelretningar og som gjev eit godt inntrykk av variasjonen av landskap i geoparken. Melderskin, er ein del av nasjonalparken som er verna på grunn av variasjonane i habitat og naturtypar.

Populært, men krevjande turmål.

Baroniet Rosendal - Foto: Ørjan Solheim

Baroniet Rosendal

lokalitet 55

Herregard frå 1665, Noregs einaste baroni og bygd med bygd med pengar frå skottehandelen med Shetland og Skottland på 16- og 1700-talet.

Ope i sommarsesongen, med konsertar, utstillingar, forestillingar, rosehage og restaurant.

Ænes kyrkje - Foto: Gunnbjørg Austrheim

Ænes kyrkje

lokalitet 56

Middelalderkyrkje (1190-1200) av lokal kleberstein frå Bergspytt, 120 sitjeplassar.

For besøk, ring: 905 31 910

Bondhusdalen - Foto: Øyvind Auke

Bondhusdalen

lokalitet 57

Dalen fører opp til ein av Folgefonnas brearmar som har vore ein magnet for turisme sidan tidleg på 1800-talet. Ei kvartærgeologisk vandring langs den historiske Isvegen, bygd for transport og eksport av isblokker. Bondhusdalen, er ein del av nasjonalparken som er verna på grunn av variasjonane i habitat og naturtypar.

Møsevatn - Foto: Folgefonni Breførarlag, Ståle Sundfjord

Møsevatn

lokalitet 58

Ein kjøretur frå Rosendal til fjellområdet ved sørvest-enden av Folgefonna går gjennom eit spektakulært landskap av enorme granitt- og gabbrokompleks (plutoner). Møsevatn, er ein del av nasjonalparken som er verna på grunn av variasjonane i habitat og naturtypar.

NB! Guida kajakkturar er mogleg inn til brefronten i Møsevatn, +47 951 17 792.

Langfoss - Foto: Svein Egil Økland

Langfoss

lokalitet 59

Ein spektakulær foss med eit totalt fall på 612 meter. Kåra av CNN Travel til å vera eit av verdas 10 vakraste fossefall. 
Precambrisk granitt tilhøyrande Sirdal-beltet.

Lett tilgjengeleg og synleg frå vegen (E134), eller via stien som går opp langs fossen frå parkeringsplassen.

Rullestad - Foto: Brynjar Stautland

Jettegrytene på Rullestad

lokalitet 60

20-30 store jettegryter 270-320 moh, innskorne i prekambrisk granitt polert av smeltevatn under høgt trykk frå den smeltande breen ila ein sommar for 11300 år sidan.

Bratt tilkomst, sikra med vaier og metall-trinn i berget

Lokalitetar

sunnhordland