MENNESKE OG KULTUR - Foto Brynjar Stautland
i

Fotograf: Rune Øvrebotten

Menneske og kultur

Sunnhordlands 8 kommunar har eit folketal på 65 000 menneske. E39 og E134 går gjennom regionen og kryssar fjordane via ferjer og bruer. Storparten av Sunnhordland kan nåast ila 2-3 timar frå Stavanger i sør eller Bergen i nord.

 

Foto: Moster Amfi

Sunnhordlendingane bur i bygder av ulik storleik, med kommunesentera som dei største bygdene. Store deler av Sunnhordlands omlag 3000 km2 land-areal er naturområde med få inngrep, og regionen har 70 små og store naturreservat eller verna naturområde. Leirvik på Stord er regionsenteret, eit knutepunkt for samferdsel og der det største skipsverftet Aker Solutions og Høgskulen på Vestlandet er lokalisert.

Hardangerfjorden både skiljer og samlar regionen. Trongen til å krysse fjordane har gjeve grunnlag for båtbygging her sidan lenge før vikingtida. I moderne tid er det bygd fiskebåtar, ferjer, tankbåtar og oljeriggar, og dei siste åra gigantiske vindmøller for opne hav. Men den tradisjonsrike færingen, meir eller mindre uendra frå før vikingetida, er framleis i bruk i våre farvatn. Osebergskipet, Noregs mest kjende kulturobjekt, er óg truleg bygd i søre Sunnhordland, og Gjøa som Roald Amundsen segla gjennom Nord-vest passasjen med i 1903-1905 vart bygd i Rosendal. Regionen er rik på furu og eik til båtmaterialer, har energi frå elvar og fossar og eit folk med lange tradisjonar og kunnskap innan maritime handtverk.

Sunnhordland har ein svært rik kulturarv frå dei første menneska som kom hit etter istida for over 11 000 år sidan. I tillegg til det eldste og lengst drevne steinbrotet i Nord-Europa, Hespriholmen, finn du den kanskje eldste kyrkja i Noreg her. Og Sunnhordland var ein sentral arena for for historiske personar og hendingar gjennom vikingtida. Til dømes viser Gulatingslova til Moster som staden der den fyrste Kristenretten vart halden her i landet, i 1024. Før dette har Tora Mostrastong, Håkon Adalsteinsfostre og Olav Tryggvason sett sine spor her, og seinare Erling Skakke som fekk bygd Halsnøy Kloster til kroninga av sonen Håkon. Eit nasjonalt jubileum skal feirast på Moster i 2024, i høve Kristenretten på Moster i 1024.

Sjølv om folk og næring i regionen tradisjonelt har vore vendt mot sjøen og fisket, har jordbruk vore del av kulturen sidan jordbrukarar kom hit i yngre steinalder og bronsealder. Mest på dei fruktbare morenelandskapa og marine terassar, men også ute i øyane vest i Sunnhordland. Gruvedrift har elles vore viktig industri i periodar, og ei rekke metall og bergarter har vore utvunne, inkludert svovelkis, kopar, gull, kleberstein, grønstein, rhyolitt, jaspis, klorittskifer, granitt og marmor.

Ei innovativ ånd pregar desse bygdene relativt langt frå bysentra, og næringslivet er prega av mange verksemder, både små og svært store, med lokalt opphav. Den første norske forbrenningsmotoren som overlevde prototype-stadiet vart konstruert i Sunnhordland i 1902, av den 18-årige sonen til smeden på Rubbestadneset. Han var lei av å ro. Wichmann-motoren spelte deretter ei hovudrolle i motoriseringa av den norske fiskeriflåten gjennom første 2/3-deler av 1900-talet då silda var ein hovudressurs for landet. Fiskarane herifrå med erfaring frå opne båt-dekk i Nordsjøen vart deretter føretrekt mannskap på båtane som plasserte og forsynte oljeriggane i Nordsjøen frå 1970-talet og fram til i dag. Oljeindustri på land utvikla seg raskt; nokre av dei største oljeriggane i Nordsjøen er bygd i Sunnhordland sidan 1970-talet. No står den same industrien for demoleringa av utrangerte riggar, og bygger samtidig dei nye vindmøllene som skal hente berekraftig energi ut av vind til havs.

Smelte- og regnvatn frå Folgefonna har vore energikjelda vår sidan 1952, både for hushaldningane og industri, td. for energikrevjande aluminiumsindustri med verdas lågaste karbonavtrykk. Den største vindmølleparken i Noreg stod ferdig her i 2010, og no produserar 55 møller 443 GWh årleg. Vind og vatn gjer Sunnhordland til ein netto eksportør av berekraftig energi. Industri, fiskeri og oppdrett (laks og kveite) utgjer i dag dei viktigaste kjeldene til inntekt, deretter kjem landbruk, sørvisnæringar, turisme og offentlege tenesteyting. Mykje ligg til rette for utvikling av reiselivsnæring i regionen. Saman med den nye sertifiseringa som Bærekraftig Reisemål, skal Geopark Sunnhordland UNESCO Global Geopark bli eit redskap for å auka kunnskap om vår geoarv og utvikle ein berekraftig geoturisme.