i

. Fotograf: Ranveig Marie Photography.  Bondhusvatnet.

Om oss

Øyriket, fjorden og fjella i Sunnhordland byr på geologisk arv og kultur av særskilt verdi, og har fått status som Norsk Geopark. Saman med fagmiljøa ved UiB og NGU vert det søkt opptak i UNESCO Global Geopark Network hausten 2021. Dét vil gje Sunnhordland internasjonal stadfesting som reisemål for berekraftig geoturisme. Geoparken skal óg lære borna våre sogene om oss, isen og berget det blå.

Moster Amfi er vår hovudportal, saman med Sunnhordland Museum og Folgefonnsenteret. Både tilrettelagte og urørte besøksmål gjev innsikt og oppleving. Og øvst ligg Folgefonna, breen som formar fjell, gjev rein energi og store naturopplevingar.

På kartet finn du turmål og råd for mat & rom i nærleiken.  Me bur i ein geopark.

Velkomen!

Besøks- og kontor­adresse

Moster amfi,
Tora mostrastongs­veg 2
5440 Mosterhamn

Telefon & Epost

+47 959 25 054
post@geoparksunnhordland.no

Styre og organisering

Geopark Sunnhordland er eit prosjekt under utvikling og eigd av Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Eigen organisasjon og styre vil bli etablert ila 2021.
Moster Amfi er geoparkens hovudportal. 

Geopark Sunnhordland har status som Norsk Geopark,
og søkjer medlemskap i UNESCO Global Geopark Network hausten 2021.

 Målet er å bruke vår rike geo-arv som ressurs i utviklinga av berekraftig geoturisme og undervisning.
UNESCO gjev m.a. verdas mest anerkjente kvalitetsstempel for reisemål, og medlemskap i UNESCO GGN
blir ei tydeleg verifisering av at Sunnhordland er verdt å vitje. 

UNESCO GGN-søknaden vert utarbeidd i tett samarbeid med Institutt for geovitenskap v/UiB, samt NGU.
Eit interimsstyre er sett saman av representantar frå desse fem partnarane:

 

Samarbeids­rådet for Sunn­hordland

samarbeidsraadet-sunnhordland.no
+47 53 45 67 90

Moster Amfi

mosteramfi.no
+47 53 42 66 20

Sunn­hordland Museum

sunnhordland.­museum.no
+47 53 41 38 99

Rosendal­­stiftinga

rosendal­stiftinga.no

Folgefonn­senteret

folgefonn­senteret.no

Geopark Sunnhordland

Det er 147 UNESCO Global Geoparks i verda, 41 i Europa og 3 i Noreg. Geopark Sunnhordland skal bli den fjerde her til lands, basert på vår geologi som er av særskilt verdi på globalt nivå. Foreløpig er geoparken eit prosjekt under utvikling, etter eit initiativ i styret for Samarbeidsrådet for Sunnhordland i 2013. Ei styringsgruppe er samansett av representantar frå Samarbeidsrådet for Shld., Sunnhordland Museum, Rosendalsstiftinga, Folgefonnsenteret og Moster Amfi. Tanken er å organisere geoparken som eigen organisasjon før innsending av UNESCO-søknaden (klynge). Geoparken skal formidle geologi og landskapshistorie, og styrke forvalting, undervisning og reiseliv i sitt definerte område. For vår del er det Sunnhordlands 8 kommunar, ca 3000 km2.  Geopark Sunnhordland vart godkjent som Norsk Geopark hausten 2018, og vart presentert som aspiring geopark  på UNESCO-seminaret i Sevilla i september 2019.
Målet er å søke medlemskap i UNESCO GGN hausten 2021, med godkjenning av dette våren 2023. Fagmiljøa ved NGU og UiB er forfattarar av fag-kapittela i søknaden, medan innhaldet i geoparken, dvs organisasjon og informasjon på alle nivå og plattformer blir skriven av prosjektleiaren.

Sunnhordlands geologi har lenge interessert mange, heilt frå steinalder til oljealder, og lista over geologisk litteratur og hovudoppgåver frå dette området er oppsiktsvekkande lang. Sidan 2010 har Steinriket Bømlo og Steinparken i Rosendal fått stor merksemd for geologiformidling i regionen. Årvisse geologiseminar har vore arrangert av Steinriket Bømlo sidan 2012, der dei mest relevante geologane og arkeologane i landet har bidrege med populærvitskaplege foredrag og ekskursjonar.  

Våren 2017 samla ei gruppe geologar og  arkeologar frå UiB og NGU seg for å drøfte om geologien og landskapet i Sunnhordland kan kvalifisere til ein geopark med UNESCO-status (UNESCO Global Geopark Network). Konklusjonen var at geologien, når den blir sett i samanheng med kulturen i Sunnhordland, kan vera verdt denne statusen. Fagrådet isolerte ut geologien i den delen av Sunnhordland som ligg nord for Hardangefjorden, då berggrunnen her er frå subduksjon og vulkanisme i Iapetushavet for 495 millionar år før notid. Berggrunnen sør for Hardangerfjorden er 1,1 mrd år eldre, og er eit fragment av den gamle Baltika-kontinentalskorpa. På sørsida av H.fjorden er geologien er lite tenleg som redskap etc. og dermed i mindre grad nytta av menneska. Hardangerfjorden er relativt ung; den vart  groven ut av 30-40 istider i Kvartærperiodens siste 2,6 mill år i det litt mjuke «arret» mellom dei to geologiske opprinnelsane.   

Hausten 2019 føreslo prof. John Inge Svendsen å inkludere istidstematikken i geoparkens tema, dvs breanes arbeid som er usedvanleg godt presentert sør for Hardangerfjorden, jmfr. Rosendalsalpane, Folgefonna, morenane og jettegrytene i Etne.  Dette vart akseptert av heile fagrådet ila vinteren 2019/2020. Dermed har Geopark Sunnhordland to hovudtema, og heile regionen er inkludert. Dette styrker geoparken som regionsmarkør, noko som vil vera av verdi i det nye Vestland fylke.

Øyarkipelet og geologien i havkanten har prega kulturen vår i 11 000 år, anten det gjeld redskap, kommunikasjon, mat, tradisjon og næringsliv. Grønstein og ryolitt frå Bømlo er nytta av steinalderfolket gjennom ufattelege 6000 år, Bergens middelalderkyrkjer er bygd av kleber herifrå, det meste av middelalderens baksteheller langs kysten og i Vesterhavsøyane er av klorittskifer frå Ølve, marmoren vår pregar kongens København og den dansk-norske øya St.Croix i Karibien, kisen la grunnlaget for stor industri, Norge største gullgruve bygde draumar og industri på Lykling. Og «Bergen by er bygd av bømlostein», skriv Øystein J. Jansen og Tom Heldal i boka Steinbyen Bergen. I moderne tid; bygginga og utslep av fleire av dei største oljeriggane var gjort mogleg av fjorddjupnene her, dvs landskapet. Og aller sist; internasjonale studier av erosjonssprekkene i bømlogranitten tidleg på 2000-talet bidrog til oljefunnet på Utsirahøyden i Nordsjøen. 

Hausten 2018 fekk Geopark Sunnhordland status som Norsk Geopark, gjeven av Norsk Komite for Geoparker og geoarv på grunnlag av relasjonen «havbunnsgeologi og kultur» på nordsida av Hardangerfjorden.  Våren 2019 tildelte Hordaland Fylkeskommune geoparken 1 million kroner til 2-årig utvikling og søknad om UNESCO-status. Prosjektleiar vart tilsett i halv stilling i mai 2019 (Brynjar Stautland) og Moster Amfi er valgt som hovudportal og kontor. MA er ein kulturarena med alle fasilitetar, er bygd i ei marmorgruve, har allerede ei bergverksutstilling og er nabo til det største kulturikonet i svært stor omkrets; steinkyrkja Moster gamle kyrkje. Sunnhordland Museum med sine utstillingar og kunnskap er óg bemanna innfallsport til geoparken, og våren 2020 vart endeleg Folgefonnsenteret i Rosendal med som geopark-portal.  Med desse tre solide institusjonane på laget er allerede Geopark Sunnhordland usedvanleg godt kvalifisert m.o.t. fasilitetar som presenterer vår geo-arv av internasjonal klasse!

Med base i Moster Amfi og dei to andre portalane skal geoparken formidle geologi- og landskapshistoria vår til skuleverk og reiselivsnæring. Den skal bidra til å styrke kunnskap og identitet for fastbuande, og bidra til auka omsetjing for reiselivsnæringa («bli ei natt til»). Informasjon skal skje på utvalde geostader i terrenget, nettsider, gjennom kursing av guidar, pedagogar og reiselivsaktørar samt i møtepunkt rundt om i Shld med portalane som knutepunkt. 
UNESCO-statusen vil gje Sunnhordland internasjonal kredibilitet som reisemål!  


Velkomen til nye kapittel i historia om oss!

Moster Amfi er hovudportalen til Geopark Sunnhordland. Her finn du både opplevingar og folk som gjev deg informasjon om geoparkens geologi og kulturhistorie. Velkomen til oss!

UNESCO Geopark Sunnhordland Diploma

Geopark Sunnhordland presenterte seg som aspiring geopark for EGN i 2019.

Last ned profesjonsutsegna..

Engasjerte deltakarar på geoturismeseminaret vårt i 2019.

Prosjektleiar Brynjar Stautland på EGN-seminaret i Sevilla, 2019.

Lokalitetar

sunnhordland